Norad - direktoratet for utviklingssamarbeid
Norad er direktoratet for utviklingssamarbeid. Vi er eit forvaltnings- og fagorgan for internasjonal bistand, og skal bidra til å nå måla for norsk utviklingspolitikk.
Saman med partnarane våre og på vegne av Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet jobbar Norad for ei grønare framtid i ei verd utan fattigdom. FN sine berekraftsmål, klimamåla og menneskerettane ligg til grunn for Norad sitt arbeid.
Gjennom kunnskap og samarbeid sørgjer vi for at norske bistandsmiddel bidreg til global utvikling.
Norad sine viktigaste oppgåver er å forvalte tilskotsmiddel til langsiktig utviklingssamarbeid og humanitær innsats og å gje faglege råd til Utanriksdepartementet, utanriksstasjonar og til Klima- og miljødepartementet.
Utanriksdepartementet (UD) har overordna administrativt og budsjettmessig ansvar for Norad. UD har ansvar for styring av Norad i alle saker med unntak av klima- og skogsatsinga som Klima- og miljødepartementet (KLD) styrer.
Norad sitt ansvar, myndigheit og oppgåver er forankra i Hovedinstruks for Norad og i årlege tildelingsbrev frå departementa.