Møte med sivilt samfunn om #metoo

Norad inviterer sivilsamfunnsorganisasjonar til å dela erfaringar med oppfølging av #metoo.
28 mai. 2018

12:30 - 13:30

Legg til i kalender (ics)

Norad
Informasjonssenteret

Bygdøy allé 2, 0257 Oslo

Veibeskrivelse (google)

Norad, ved direktør Jon Lomøy, har invitert samarbeidspartnarar i det norske sivilsamfunnet til møte med utanriksminister Ine Eriksen Søreide og utviklingsminister Nikolai Astrup. Påmelding skjer elektronisk via denne sida.

Formålet med møtet er å dela erfaringar med oppfølging av #metoo, inkludert brevet frå Utanriksdepartementet og sjå framover saman. 

#metoo har bidratt til ei betydeleg bevisstgjering og mange heilt nødvendige oppgjer med maktmisbruk. Utenriksdepartementet og Norad vil bidra til at dette arbeidet held fram, og er glade for initiativet som er tatt også i bistandsbransjen.

I februar organiserte UD og Norad eit rundebord med sivilsamfunnsorganisasjonar for å starta ein dialog om tematikken. No ynskjer me å halda fram dialogen i eit ope forum og har difor invitert våre samarbeidspartnarar innanfor sivilt samfunn.