100 millionar til Verdsbankens arbeid for mattryggleik

image

Noreg med ny støtte til direkte overføringar til fattige familiar ramma av svolt og usikker tilgang til mat.

Torsdag 12. oktober inngjekk regjeringa ein avtale på 100 millionar kroner til Verdsbankens arbeid for å styrkje sosiale sikringsnett i land ramma av dei globale konsekvensane av Russlands krig mot Ukraina. Det skjedde under Verdsbankens årsmøte i Marrakech, der utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek.

Gode resultat med kontantoverføring

Støtta skal styrkje iverksetjing av kontantoverføringar og anna støtte til familiar ramma av svolt og matuvisse. Sosiale sikringsnett bidreg til at familiar blir mindre sårbare overfor sjokk, og er eit viktig verkemiddel i det langsiktige arbeidet med å redusere fattigdom og ulikskap.

– Fleire studiar viser at kontantoverføringar har ein positiv effekt på mattryggleik for fattige grupper, seier Tvinnereim frå konferansen i Marokko.

Verdsbanken er den største multilaterale kjelda til finansiering av sosiale sikringsnett, og er ein svært viktig kunnskapsleverandør på området. Støtta går til fleirgivarfondet til banken «Rapid Social Response - Adaptive and Dynamic Social Protection» (RSR-ADSP). Halvparten av støtta finansierte over den ekstraordinære løyvinga frå Stortinget til utviklingsland for å handtere dei globale ringverknadene av krigen i Ukraina.

– Mattryggingssituasjonen i verda går i heilt feil retning. Regjeringa tek i bruk eit breitt sett av verkemiddel i politikken for å bidra til å snu trenden, særleg i afrikanske land. Vi investerer i auka produksjon for småbønder og i verdikjedene i matsektoren. Ordningar som den vi no investerer i gir òg mat i magen for svært matusikre grupper og utfyller innsatsen vår, seier Tvinnereim.

Bidraget byggjer på gode norske erfaringar med fondet.

RSR-ADSP blei oppretta i 2009 som del av responsen til banken på finanskrisa i 2008 og auka matuvisse.  Noreg har tidlegare støtta fondet med 130 millionar kroner med gode erfaringar.  Andre givarar er Storbritannia, Australia, Sverige, Danmark, USAID, Bill and Melinda Gates Foundation, Tyskland og Russland.

Eitt fornya engasjement i RSR-ADSP samsvarer godt med strategien til regjeringa for mattryggleik. Dei norske midlane bidreg til at det blir oppretta eit vindauge i RSR for støtte til prosjekt på mattryggleik og ernæring.

Noreg har òg nyleg finansiert ein norsk spesialist i Verdsbankens fagavdeling for sosiale sikringsnett med ansvar for å styrkje arbeidet med mattryggleik og ernæring, inkludert gjennom RSR-ADSP.

Norad-direktør Bård Vegard Solhjell og visepresident Mamta Murthi underteikne avtalen om det norske bidraget, då Murthi møtte utviklingsminister Tvinnereim i Marrakech, 12. oktober.  

Publisert 12.10.2023
Publisert 12.10.2023
Oppdatert 08.10.2024
Oppdatert 08.10.2024