Vi mister lett dei fattige av syne i bistanden

Vi mister lett det fattige fleirtalet i samarbeidslanda våre av syne. Det er ein av hovudkonklusjonane i årsrapporten for evaluering av norsk utviklingssamarbeid som nå er overlevert til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim av Norads evalueringsavdeling. (29.05.08).

Vi mister lett det fattige fleirtalet i samarbeidslanda våre av syne. Det er ein av hovudkonklusjonane i årsrapporten for evaluering av norsk utviklingssamarbeid som nå er overlevert til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim av Norads evalueringsavdeling.

- Bistand som elles er godt gjennomført gjer ikkje nødvendigvis levekåra lettare for fleirtalet av befolkninga. Ei evaluering av bistanden til Zambia viser at det er vanskeleg å dokumentere varige positive verknader for fattigfolk - i alle fall på kort sikt - av program som elles kan vere vellykka når det gjeld til dømes institusjonsbygging, sier Asbjørn Eidhammer, evalueringsdirektør i Norad. Fleire andre evalueringar, mellom anna innan kraftsektoren, peikar i same retning.

Ifølgje årsrapporten er det behov for eit nytt og meir langsiktig perspektiv på berekraft innan bistanden, særleg i afrikanske land. Fleire funn viser at der Norge har vore inne som samarbeidspartnar i ein 20-årsperiode kan ein sjå at institusjonar er blitt bygde opp og styrkte. Rapporten trekkjer fram erfaringar frå Mosambik og Zambia. Men heller ikkje etter så lang tid vil det vere realistisk å trappe ned bistanden utan at ein risikerer å miste mykje av det som er bygd opp. Lærdommen er at om ein går tungt inn i ein sektor, må ein vere førebudd å bli verande i lang tid - ein må tenkje generasjon heller enn 5-årsperiodar.

Rapporten trekkjer også fram positive funn frå evaluering av norske frivillige organisasjonar sin innsats i Guatemala og Nepal. Her har det vist seg at klar strategi og godt partnarskap kan gi gode resultat.

Til sist peikar rapporten på at Utanriksdepartementet bør styrkje si strategiske styring og resultatoppfølging av den humanitære bistanden. Eit par evalueringsrapportar tyder på at UD ikkje har god nok kapasitet til å vurdere resultat og verknader av nødhjelpa.

Rapporten kan lastast ned på norad.no eller bestillast frå Norad.

Se mer om rapporten her:

Årsrapport 2007: Evaluering av norsk utviklingssamarbeid

Pressekontakt: Mona Bergstøl 977 14 966.

Evalueringsavdelingens direktør, Asbjørn Eidhammer, ble intervjuet i NRKs program "Sånn er livet", torsdag 29.mai. Vil du høre intervjuet, gå inn på www.nrk.no, velg deretter NRK Nettradio øverst i bildet, søk så etter "Sånn er livet". Se etter sendingen 29.05. Innslaget med Eidhammer er det første etter introduksjonen av programmet.