Berekraftsmåla
Mål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon

Vi må kaste mindre og gjenbruke meir

Det blir jobba på søppelfyllingane utanfor New Delhi dag og natt.

Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. Det handlar om å kaste mindre mat, elektronikk og anna avfall. Og det handlar om kjeldesortering, avfallshandtering og gjenbruk.

I dag forbruker vi mykje meir enn det som er berekraftig for kloden. Til dømes blir ein tredel av maten som blir produsert, aldri eten, anten fordi matvarene gjekk ut på dato før dei vart selde, eller fordi vi ikkje åt opp all den maten vi laga til middag.

I mange utviklingsland handlar det i tillegg om mangel på elektrisitet og moglegheit for kjølig lagring av mat. Maten rotnar raskare.

Elektronisk avfall er òg eit aukande problem. Vi byter mobiltelefonar og pc-ar omtrent like ofte som vi byter sokkar. Blant stoffa i elektroniske produkt finn vi mellom anna bly, kadmium og kvikksølv. Dette er tungmetall som både forureinar naturen og gjev menneske helseskadar.

Avfall er ressursar på feil stad

Dårleg eller manglande avfallshandtering er ei stor utfordring i mange av landa i verda, særleg dei fattigaste. For avfall er eigentleg ressursar som har hamna på feil stad.

Eit døme er den enorme avfallshaugen midt i den indiske hovudstaden New Delhi. Tidlegare låg han utanfor byen, men etter kvart som bygrensene har utvida seg, har "søppeldynga" vorte ein del av byen.

Gribbar flyg over og speidar. Lause hundar og kyr forsyner seg av organisk avfall på bakken. Og kvar dag kjem både barn og vaksne hit med hakker og magnetar på leiting etter noko dei kan omsetje til pengar. I utrivelege og helseskadelege omgjevnader prøver dei aller fattigaste å finne eit levebrød.

Liknande bilete kunne vore skildra frå ei rekkje storbyar i Asia og Afrika.

Kvifor bry seg om kjeldesortering?

Slike enorme haugar med avfall tek opp plass og forureinar med ei rekkje miljøgifter, men dei inneheld òg store verdiar.

Ein av dei store forskjellane mellom fattige og rike land er måten avfallet blir handtert på. Med god avfallshandtering skal det ikkje vere noko behov for opne søppelfyllingar.

Det norske forskingskonsernet SINTEF samarbeider med mellom anna India og Kina. Dei overfører teknologi og kompetanse til landa for destruering av avfall i sementomnar. Samarbeidet får støtte gjennom norske bistandsmidlar.

Les meir: Dei gjer søppel til pengar i Zimbabwe

Smart bruk av avfall

Det finst mange smarte måtar å gjennomføre avfallshandtering på ein berekraftig måte.

Varmen som blir generert i sementomnar, kan utnyttast til å destruere farleg avfall. Energirikt søppel, som til dømes hushaldsavfall kan brukast som brensel i staden for kol. Restprodukt kan gå inn i sement ved betongproduksjonen.

Det er fullt mogleg at verda kan vere fri for opne søppelfyllingar dersom alle land lykkast i å følgje opp berekraftsmål 12 i FN: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster.

For å nå dette målet må òg kvar enkelt forbrukar endre livsstil. Og her kan vi alle enkelt bidra! Det inneber å redusere eige forbruk, kaste mindre og gjenbruke meir. Samtidig må ein vere bevisst på om det ein kjøper, bruker og kastar, bidreg til miljøøydelegging, forureining og klimautslepp.

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024