Bærekraftsmålene
Mål 16: Fred og rettferdighet og velfungerende institusjoner

Rekordmange menneske er på flukt. Det skaper samfunn med uverdige levekår

For å vere verna av lover og rettar treng du ein formell identitet. Fødselsregistrering er det første og heilt nødvendige steget for å sikre rettane til menneske.

Fredelege, trygge og inkluderande samfunn er ein føresetnad for å skape berekraftig utvikling. Menneskerettar er eit nøkkelord.

Dessverre har utviklinga innanfor dette berekraftsmålet ikkje gått i riktig retning. Ikkje sidan 2. verdskrigen har det vore så mange på flukt som no: nesten 80 millionar menneske.

Krig, konflikt, forfølging og alvorlege brot på menneskerettane er hovudårsakene til at menneske flyktar frå heimane sine. Skal vi redusere talet på flyktningar, krevst det politiske løysingar.

I land som blir ramma av borgarkrig og valdelege konfliktar, mistar mange tilgang til offentlege tenester, som helsetilbod og skulegang. Det blir vanskelegare å drive forretning, mange mistar jobbane sine og fleire blir sende ut i permanent fattigdom.

Utan sterke institusjonar er utvikling vanskeleg

I tillegg blir det vanskeleg å drive sterke statlege institusjonar. Når til dømes rettsvesenet i eit land fungerer dårleg, går det ut over rettstryggleiken til menneske. Tenk sjølv: Er du villig til å drive ei forretning i eit område der du veit at mafia eller ransmenn ikkje blir rettsforfølgde? Eller der utleigaren av lokalet kan kaste deg ut på dagen, utan forvarsel?

Land med svake institusjonar endar ofte i ein vond sirkel der utvikling blir vanskeleg, og folk som kjenner seg urettferdig behandla, gjer opprør.

Fødselsregistrering er første steg

For å vere verna av lover og rettar treng du ein formell identitet. Fødselsregistrering er det første og heilt nødvendige steget for å sikre rettane til menneske. I Noreg tek vi dette som sjølvsagt, men i mange utviklingsland bur det millionar menneske som ikkje eksisterer på papiret.

Dei aller fleste landa i verda har skrive under på FN sin barnekonvensjon. Denne avtalen pålegg at alle barn skal registrerast med formell identitet. Likevel manglar 230 millionar barn under fem år, nesten ein tredel av barna i verda, fødselsattest, ifølgje Unicef.

Desse barna er meir utsette for overgrep, menneskehandel og annan kriminalitet.

Mangelen på identitet skaper problem

Flyktningar utan identifikasjonspapir får òg vanskar med å kome inn i Noreg og ei rekkje andre land. Mange får avslag på asylsøknadene sine nettopp på grunn av dette. Slik går ein glipp av grunnleggjande rettar, som helsehjelp, utdanning, stemmerett i val, økonomiske og sosiale rettar, rettshjelp og å opprette føretak. 

Menneske utan identitet kan heller ikkje skatte. Dermed går land med mange uregistrerte innbyggjarar glipp av store skatteinntekter. Ei anna samfunnsøkonomisk utfordring er at det blir vanskeleg å planleggje offentlege budsjett, som til dømes utgiftene til helse og utdanning.
 
I Afrika Sør for Sahara blir berre fire av ti barn under fem år registrerte. Dette er òg den regionen i verda som har flest fattige.

Ny teknologi gjer det lettare 

Fødselsregistrering er dyrt, men nyare teknologi gjer dette langt enklare enn før. FNs barnefond, Unicef, har vore med på å utvikle ei løysing for fødselsregistrering. Alt som blir kravd, er å registrere det nyfødde barnet sitt på ein mobiltelefon. Dette har gjort det enklare for dei som bur langt frå byen, å føre opp barnet sitt i folkeregisteret.

Noreg og Norad stør det viktige arbeidet Unicef gjer med dette. 

Noreg si rolle i fredsarbeid

Det 17. juni 2020 var det avstemming i generalforsamlinga i FN om val av fem medlemsland som får plass i Tryggingsrådet 2021–2022. Noreg sikra seg nok stemmer i første valrunde og er dermed valt inn for perioden.

Noreg ønskte seg denne plassen av fleire grunnar. Ein av dei var for å bidra til å løyse krig og konfliktar, mellom anna for å verne norske investeringar i berekraftig utvikling og redusere behovet for humanitær bistand.

Elles har Noreg spelt ei viktig rolle i ei rekkje fredsprosessar dei siste tiåra, som til dømes i Midt-Austen, Sør-Sudan, Colombia, Guatemala, Myanmar og Sri Lanka. Og sidan 1949 har over 40 000 nordmenn teke del i 25 fredsoperasjonar i FN-regi.

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024