Trivsel på jobb er god business

Eit tre-månaders program i regi av Flyktninghjelpen gjev ungdom i Myanmar opplæring i yrkesfag, som til dømes skreddar eller motorsykkelmekanikar.
Utviklingslanda skal vekse økonomisk. Det greier dei ikkje utan gode arbeidsvilkår.
Du har utdanning, men får likevel ikkje jobb. Og om du får jobb, er løna dårleg, forholda uverdige og arbeidsgjevar bryt lover og avtalar – utan at du tør å protestere. Berekraftsmål 8 er å sørgje for at alle menneske som er arbeidsdyktige, skal få seg ein sømeleg jobb og inntekt. Det er eit ambisiøst, men viktig mål!
Koronaen har sett oss tilbake
I mange utviklingsland var arbeidsløysa skyhøg allereie før koronapandemien. No har ho vorte endå høgare; 255 millionar jobbar er tapte som følgje av pandemien. I tillegg tener omtrent halvparten av dei som har jobb, så dårleg at dei ikkje kan leve av løna.
Og FN spår at pandemien vil føre til ein permanent reduksjon i talet på unge menneske som utdannar seg, er i jobb og/eller gjennomfører lærling/praksisperiodar. Dette kan sende verdsøkonomien ned i djupe juv.
Kva meiner vi med «sømeleg arbeid»?
Ein grunnpilar er at ein skal kunne leve av løna si. Vidare må dei unge blir inkluderte i arbeidsmarknaden. Arbeidsplassar er nøydde til å bli trygge og føreseielege gjennom lovverk og tariffavtalar – og i tillegg må den fysiske tryggleiken på arbeidsplassen sikrast. Ein viktig del av arbeidet er å eliminere svart og uformelt arbeid.
Vidare må ein leggje til rette for at fleire kvinner får delta i arbeidslivet, der dei no er sterkt underrepresenterte. 75 % av mennene i verda er i arbeid; for kvinner er talet 50 %.
Nøkkelen er eit effektivt, fungerande næringsliv
Dei aller fleste arbeidsplassane blir skapte i privat sektor. Næringslivet vil spele ei sentral rolle for å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.
Norad gjev støtte til tiltak som bidreg til prosjektutvikling og reduserer risikoen ved investering. Målet er å utløyse fleire berekraftige, private investeringar som bidreg til jobbskaping i utviklingsland. Eit døme er yrkesopplæring i Myanmar.
Eit tre-månaders program i regi av Flyktninghjelpen gjev ungdom i Myanmar opplæring i yrkesfag, som til dømes skreddar eller motorsykkelmekanikar.
Gjennom det Norad-støtta programmet lærer dei unge òg korleis dei kan drive si eiga verksemd. Oppfølgingsstudiar viser at alle uteksaminerte har fått inntektsbringande arbeid seks månader etter enda opplæring. 97 prosent opplyste at dei hadde starta eiga bedrift.
Med sine nyetablerte bedrifter bidreg ungdomen ikkje berre til auka inntekter for seg sjølv og familien, dei bidreg òg med tenester og produkt det er behov for i lokalsamfunna deira – i eit land med skyhøg arbeidsløyse og mykje sosial naud etter 60 år med borgarkrig og militærdiktatur.