Evalueringsprogram 2009-2011

Om publikasjonen

  • Utgitt: desember 2009
  • Serie: --
  • Type: Evalueringer
  • Utført av: --
  • Bestilt av: --
  • Land: --
  • Tema: --
  • Antall sider: 12
  • Serienummer: --
  • ISBN: 978-82-7548-452-7
  • ISSN: --
Front page publication
Bestill gratis papirutgave:

Det rullerande evalueringsprogrammet tar utgangspunkt i Evalueringsavdelinga sin evalueringspolitikk fram til 2010. Val av evalueringsobjekt blir gjort ut frå kriteria om at stønaden skal vere vesentleg, ha eigenart eller innebere særleg risiko.

Det går fleire linjer gjennom programmet. Avdelinga tar sikte på å dekke hovuddelane av 03-budsjettet med evalueringar over ein periode på fire–fem år. I 2006-2008 vart det lagt vekt på humanitær bistand, frå 2007 til 2009 stod norsk fredsengasjement sentralt i programmet og i 2009-2010 blir det lagt vekt på å evaluere bistand til å fremje menneskerettane.

Evalueringsavdelinga tar sikte på å ha gåande ei geografisk retta evaluering – til vanleg vil denne omfatte all bistand til eitt land – til ei kvar tid. I 2009-2010 er det stønaden til Vest-Balkan som blir evaluert. I 2010 planlegg vi ei landevaluering av bistanden vår til Aust-Timor saman med Verdsbanken og eventuelt andre givarar. Evaluering av innsatsen i Afghanistan saman med Sverige og eventuelt andre står på planen for 2011.

Som svar på Rattsø-utvalet si påpeiking av at det har vore for lite resultatevaluering av norske frivillige organisasjonars arbeid, har vi hittil evaluert slike organisasjonars arbeid i Guatemala og Nord-Uganda. Vi vil i 2010 gå ned på prosjektnivå for å kartleggje resultat av utvalde representative prosjekt og program i austafrikanske land.

Vi held også fram med sektorevalueringar. I 2009-2010 blir norsk bistand til privat sektor evaluert, og for 2011 set vi opp landbrukssektoren. Vi er og blitt meir systematiske på å evaluere øyremerkte bidrag gjennom multilaterale organ. I 2009-2010 vil vi evaluere bistand til demokratitiltak gjennom FN-organisasjonar, og 2010-2011 vil vi ta for oss utdanningsbistanden gjennom multilaterale organ.

Til sist vil vi trekkje fram fleire evalueringar innafor demokrati og styresett. Ei fleirgivarevaluering av program for å styrke folks stemmer og styresmakters ansvar (voice & accountability) vart lagt fram våren 2009. Ein rapport om Norsk Senter for Demokratistøtte og ein annan om stønad til lovgivande forsamlingar blir lagde fram hausten 2009. Og ei større evaluering av norsk øyremerkt stønad til demokratitiltak gjennom FN startar altså opp hausten 2009.

Publisert 14.12.2009
Sist oppdatert 16.02.2015