Temaområder innen norsk bistand
Hvorfor er bistand til utdanning sentral i norsk utviklingssamarbeid? Hva gjør Norge innenfor energisektoren? Les mer om hvorfor dette er et satsingsområde, hva Norge og Norad gjør og om status nå.
Klima – Om forvalting og tilnærming i Norad
Klimafinansieringa er eit breitt satsingsområde, og midlane blir kanaliserte både som kjernestøtte til multilaterale aktørar som utviklingsbankane og FNorganisasjonar, og til bilaterale innsatsar. Norad jobbar primært mot låginntektsland. Desse landa står for ein veldig liten del av globale utslepp, men er svært sårbare for konsekvensane av klimaendringane. Samstundes veit me at for å nå dei globale klimamåla, må alle land ha lågutsleppsutvikling framover. Difor er det viktig å bidra til klimarobust utvikling i tråd med tilrådinga til FNs klimapanel.
Global helse
Norsk helsebistand blir i stor grad verksett gjennom multilaterale organisasjonar og globale fond. Mellom anna fornya Noreg gjennom Norad i 2023 sitt bidrag til GFATM4 med 2 mrd. kroner i støtte over tre år. Resultat på enkeltområde som vaksine, hiv/aids og malaria har vore svært gode og bidrege til stor nedgang i barnedødelegheit og førekomst av smittsame sjukdommar. Framgangen har stagnert dei seinare åra. Målretta globale initiativ har derimot ikkje bidrege tilstrekkeleg til å styrkje nasjonale helsesystem. Det er ei stor utfordring når landa skal nå universell helsedekning og handtere følgene av klimaendringar og kommande helsekriser.
Mattryggleik og kamp mot svolt
Mattryggleik og kamp mot svolt er ei hovudprioritering i regjeringa sin utviklingspolitikk. Norad har jobba med å utvikle ein heilskapleg portefølje for mattryggleik for å svare ut prioriteringar i Noreg sin strategi for å fremje mattryggleik i utviklingspolitikken, Kraftsamling mot svolt – ein politikk for auka sjølvforsyning.