Tema
Helse

Innsats mot smittsame sjukdomar

Smittsame sjukdomar som malaria, tuberkulose og hepatitt er meir utbreidd i utviklingsland enn i rikare land. Mange sjukdomstilfelle og dødsfall kunne ha vore avverga eller behandla ved bruk av enkle middel. For Noreg er innsatsen mot smittsame sjukdommar ein av hovudprioritetane innan global helse.

Kva

Sidan tusenårsskifte har det vore ein monaleg nedgang i dødstal grunna smittsame sjukdomar som malaria, tuberkulose, polio og hiv, men det er framleis ein lang veg å gå før ein kan sjå slutten på desse epidemiane. Store utbrot av andre smittsame sjukdomar som covid-19,  kolera, ebola og apekoppar viser og at mykje arbeid står att for å halde smittsame sjukdomar under kontroll. 

Ein aukande del av  innbyggarane i utviklingsland vert råka av ikkje- smittsame sjukdomar som hjarte - og karsjukdomar, diabetes og kreft. Det gjer at sjukdomsbyrda i mange låg- og mellominntektland vert dobbla. 

Dei resultata ein har oppnådd og vidare framgong vert utfordra av  m.a. krig og konflikt, migrasjon, forverring av likestilling og menneskerettar i mange land, redusert handlingsrom for sivilt samfunn, resistens og klimaendringar.  

Målretta innsats er nødvendig for å halde smittsame sjukdomar under kontroll. Arbeidet med å styrke nasjonale helsesystem er ein sentral del av innsatsen. Eit sterkt helsesystem er og heilt avgjerande for at ein skal kunne lukkast med å  kjempe mot nye pandemiar då robuste helsesystem gir eit  solid utgangspunkt for å mobilisere raskt

Kvifor

Sjukdomsbilete i dei fattigaste landa er framleis prega av smittsame sjukdomar som hiv, hepatitt, tuberkulose og malaria. Dette er sjukdomar som enkelt kunne ha vore førebygd og behandla.  I tillegg til diaré og luftvegssjukdommar som meslingar (NB! Lenk over til kapittelet om vaksinar) hos barn, utgjer desse sjukdommane framleis dei største helseutfordringane i utviklingsland. Dette gjeld spesielt i det sørlege Afrika. Innsatsen mot smittsame sjukdommar er derfor ein av hovudprioriteringane til regjeringa på utviklingsområdet.

Burden of Disease - Our World in Data

Korleis

Arbeidet mot smittsame sjukdommar, går i hovudsak gjennom multilaterale organisasjonar og fond. 

Gjennom politisk deltaking, fagleg samarbeid og støtte til norske og internasjonale organisasjonar og enkeltland, bidreg Noreg til å førebyggje nye sjukdomstilfelle og dessutan å betre tilgangen til vaksinar, effektiv diagnostisering og behandling.

Gjennom desse organisasjonane bidreg  Noreg til å stimulere til og framskynde – utvikling av vaksinar mot både nye og gamle smittsame sjukdomar, sørgje for at  legemiddel til førebygging, diagnostisering og behandling er tilgjengelege til ein overkommeleg pris, finansierer den nasjonale innsatsen, og  støttar sivilt samfunn si pådrivarverksemd mm.  

I tida etter covid-19 pandemien har regional produksjon vorte eit viktig tiltak for å sikre rettferdig tilgang til livreddande legemiddel,  noko som Noreg og bidreg til gjennom finansielle bidrag og samarbeid med våre hovudpartnarar på dette området.

Dei viktigaste partnarane våre kan forenkla plasserast under fylgjande kategoriar: 

Finansiering av innsatsen i land. Forsking og utvikling:

Det globale fondet
Home - The Global Fund to Fight AIDS, Tuberculosis and Malaria  
Gavi Gavi, the Vaccine Alliance  
Unitaid Home - Unitaid  
CEPI Home page | CEPI 

Normativt og fagleg:

UNAIDS UNAIDS  
WHO World Health Organization (WHO) 

Sivilt samfunn, inkl. tenestelevering og pådrivarverksemd:  

Robert Carr Fondet Robert Carr Fund  
LHLI LHL Internasjonal 

Kven/Kor

Noreg sine samarbeidspartnarar har med vekt på sørlege Afrika innsats i fleire enn 100 land. 

Alt etter kva sjukdom det er tale om, vil nokon vere meir utsett enn andre. Malaria råkar hardast born under fem år og gravide kvinner, tuberkulose dei fattigaste, medan dei som er mest utsett for hiv, inkluderer unge kvinner i Afrika, menn som har sex med menn, transpersonar, personar i fengsel, personar som sel sex og personar som bruker narkotika.  

For å kunne sjå slutten på fleire av desse epidemiane, inkludert hiv, må ein jobbe for å redusere stigma, diskriminering og kriminalisering av spesielt utsette grupper. 

Sidan manglande likestilling og menneskerettar ofte står i vegen for ein effektiv innsats, blir kjønn og likestilling, menneskerettar, i tillegg til seksuell og reproduktiv helse og rettar spesielt vektlagt i vårt arbeid.

Lenker

The top 10 causes of death (who.int)

Communicable Diseases | WHO | Regional Office for Africa 

Kontakt

Avdeling for velferd og menneskerettigheter

 

Publisert 09.07.2024
Publisert 09.07.2024
Oppdatert 09.07.2024
Oppdatert 09.07.2024