Aust-Timor får straum til jul

I Aust-Timor skal det katolske folket feire si første jul som sjølvstendig stat. Men hovudstaden Dili står i fare for å få ei mørklagt jul. Difor har Norad i all hast sponsa straumaggregat til Dili for 14 millionar kroner.

- Dersom straumen går under julefeiringa er vi redd det bryt ut nye opptøyar. Straumnettet er allereie overbelasta og i periodar forsvinn straumen heilt. Det skapar store problem for sjukehus, offentlege instansar og det lokale næringslivet. Under julefeiringa vil dei tusen julelysa forsterke presset på straumnettet, fortel Morten Svelle, avdelingsdirektør ved Asia-avdelinga i Norad.

Skal betre straumsituasjonen

Dårlege linjer, store øydeleggingar og lite ressursar til personell og reservedelar er årsaka til den dårlege straumsituasjonen i Dili. Dei seks nye straumaggregata på til saman seks MegaWatt (MW) skal sikre straumen i hovudstaden. Det vil betre situasjonen for befolkninga generelt og for næringslivet og offentlege tenester spesielt, langt utover julefeiringa.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har på oppdrag frå myndigheitene kartlagt situasjonen for straumforsyning på Aust-Timor og har oppfordra til handling. Når myndigheitene i Aust-Timor ikkje har råd til å betale 15 dollar for reservedelar, seier det seg sjølv at dei ikkje kan setje i gang med utbyggingar og utbedringar sjølve, var NVEs klare beskjed til givarsamfunnet.

Kortsiktig og langsiktig

-Givarsamfunnet har lenge kartlagt og rapportert på straumsituasjonen på Aust-Timor. No var det på høg tid at innbyggjarane fekk sjå resultat av det internasjonale engasjementet. Dei norskfinansierte straumaggregata vart sett i drift laurdag 21. desember, med ein eigen juleseremoni med President Xanana Gusmao og den norske ambassadøren Sjur Torgersen til stades, fortel Morten Svelle. Han legg til at sjølv om det er eit øyeblikkeleg behov som no stillast, er straumforsyning ein del av eit langsiktig samarbeid mellom Norad og Aust-Timor.

- For å få fart på næringsutvikling og sikre gode helsetenester til folket, treng Aust-Timor straum. Landet har lite kompetanse og ressursar til å byggje ut kraftverk. Langsiktig institusjonssamarbeid vert støtta av Norad og nye tiltak for å skape og halde vedlike kraftverk er under planlegging og vurderast støtta av Norad.

I heile Aust-Timor bur det 800.000 menneske. 80 prosent av desse bur på landsbygda. Heile landet brukar rundt 60 MW i straum. Noreg brukar til samanlikning rundt 28.000 MW.

Aust-Timor blei lausrive frå Indonesia ved ei folkeavstemming hausten 1999. Etter dette blei det meste av infrastrukturen og industrien øydelagt av den indonesisk-støtta militsen. Hundretusenar blei drivne på flukt. På tross av opptøyar i den siste tida, håpar Aust-Timor no på ei fredeleg jul.