Debatt for å betre bistanden

16. oktober arrangerer Norad ein konferanse om fattigdom på Sentrum Scene i Oslo. FNs Tusenårsmål skal under lupa.

Astrid Versto er kommunikasjonsdirektør i Norad og har ansvaret for gjennomføringa av konferansen.

- Me ønskjer å markere oss som ei drivande kraft i bistandsdebatten. Men me skal ikkje debattere berre for å debattere, og håpe på at nokon vil skrive om oss i avisa. Bistandsdebatt er viktig for at me skal gjera ein betre jobb. Difor inviterer me det som kan krype og gå i bistandsbransjen til å diskutere realismen i tusenårsmåla, seier kommunikasjonsdirektøren.

Tolv år att
Det er no tolv år att til tusenårsmåla skal vere nådde. Mange er einige i at det er fine mål, men det er meir usemje omkring realismen i å nå dei:



  • Vil det i 2015 vera halvparten så mange som må klare seg på under ein dollar om dagen som det var i 1995?
  • Kva skal til for at dei skal klare det i Afrika sør for Sahara også?
  • Vil alle barn få tilbod om grunnutdanning?
  • Kva skal til for at det internasjonale samfunnet skal mobilisere?
  • Gjev erfaringane frå Johannesburg oss grunn til å vera optimistar?
  • Kor viktig er godt styresett?

- Desse og liknande problemstillingar ønskjer me å diskutere med den norske bistandsbransjen. Og med nokre inviterte ekspertar frå samarbeidslanda. Som til dømes sentralbanksjef Dr. Aguinaldo Jaime frå Angola, dommar Pius Nkonzo Langa frå Sør-Afrika og seniorrådgjevar Deepa Narayan frå Verdsbanken, seier Versto, som også er programleiar under konferansen saman med journalist Petter Nome.

- Vågar me ikkje å stille spørsmålsteikn som gjeld verksemda vår, blir me aldri betre. Me jobbar med altfor viktige ting til at me kan unne oss luksusen med å gjere det utan ordskifte og motførestellingar, seier kommunikasjonsdirektøren i Norad.