Fornøgde med handlingsplan

Det er no semje om handlingsprogrammet frå verdstoppmøtet i Johannesburg. Noreg satsa mykje på å oppnå forpliktande tidfesta mål, og fekk dette igjennom på områda biologisk mangfald, sanitære forhold og kjemikaliar.

Det viktigaste målet for handlingsprogrammet er å redusere fattigdom utan å øydeleggje miljø og naturgrunnlag og å einast om konkrete handlingar som kan styrkje gjennomføringa av millenniumsmåla.

Verdstoppmøtet til FN om bærekraftig utvikling (WSSD) vert arrangert i Johannesburg, som ei oppfølging til FN sitt forrige toppmøte om miljø og utvikling i Rio 1992.

Betre enn forventa
Morten Svelle er avdelingsdirektør for Avdeling for Asia i Norad. Han har delteke på toppkonferansen i Johannesburg.

- I forhold til forventningane våre etter det vanskelege førebuande møtet på Bali, er vi fornøgde med handlingsplanen frå toppmøtet, seier Svelle.

Handlingsplanen er på 71 sider, med ulike mål på fleire områder. Over 190 land har delteke i utforminga. Svelle fortel at handlingsplanen heilt sikkert vil vere med på å gje føringar for prioriteringar i framtidige innsatsområder for norsk utviklingssamarbeid.

- Det er særleg oppnådd konkrete mål på klima, sanitære forhold, biologisk mangfald og kjemikaliar. Noreg har kjempa på klimaområdet, og oppnådde ein viktig tekst der dei land som har ratifisert Kyoto-konvensjonen oppfordrar andre land til å gjere det same. Gledeleg var det også at Russland og India på konferansen opplyste om at dei har ratifisert Kyoto-konvensjonen, slik at den no kan tre i kraft, fortel Svelle.

Han seier vidare at Rio-prinsippa, med "føre var-prinsippet", lenge var trua med sterk svekking. Men desse er også blitt stadfesta.

Viktige milepælar
På Millenniumsmøtet i FN i 2000 vedtok verdas regjeringar åtte millenniumsmål. Hovudformålet med handlingsplanen frå Johannesburg er å bidra til å nå desse måla, blant anna å halvere talet på menneske som lever i ekstrem fattigdom innan år 2015. I dag er lever over èin milliard menneske for mindre enn èin dollar per dag, skriv NTB.
Svelle seier at handlingsplanen gjev klare forpliktingar som representerer viktige milepælar i arbeidet med å nå desse millenniumsmåla.

Vatn og sanitær
Eitt millenniumsmål seier at halvparten av dei som ikkje har tilgang på reint vatn i dag, skal få det innan 2015. Denne målsetjinga er no også utvida til tilgang på tilfredsstillande sanitærforhold.

500 millionar menneske skal få reint drikkevatn innan 2015 og 1,2 milliardar skal få gode nok sanitærforhold.
- Dette er eit av dei viktigaste enkelttiltaka på konferansen. Norad ser på vatn og sanitærforhold som svært viktige områder for å kjempe mot fattigdom, seier Svelle.

Handel og miljø
Noreg og Sveits lukkast i å stoppe eit forslag som kunne føre til at handelsreglane til WTO blei overordna internasjonale miljøavtalar.

Svelle fortel at det var ein vanskeleg diskusjon omkring forslaget om at WTO- regelverket skulle vere overordna miljøregelverket. Dette ville vore eit alvorleg tilbakeskritt for miljøavtalane. Gjennom ein svært stor innsats frå den norske delegasjonen blei dette forslaget til slutt avvist. Dette meiner Svelle nok er den viktigaste sigeren for Noreg i Johannesburg, frå Noreg si side.

Reduksjon i tap av artsmangfald
Partane har forplikta seg til betydeleg reduksjon i tap av talet på artar innan 2010. Noreg gikk inn for full stans i tapet, men det ligg mykje framgong i den omforeinte målformuleringa.

Handlingsplanen går elles inn for at miljø- og helseskadelege kjemikaliar skal minimaliserast innan 2020, og vil dessutan fremje betre behandling av farleg avfall. Noreg kjempa for at slike kjemikaliar skulle fasast ut, men var fornøgde med å få ei konkret målsetjing.

Fornybar energi
- Noreg kjempa hardt for ein avtale om at tilgangen på energi for dei fattigaste skulle aukast, og at den globale andelen av fornybar energi skulle aukast til minst 15 prosent av energiforsyninga innan 2015. Dette gjekk imidlertid ikkje igjennom. Sjølv om vi ikkje fekk gjennomslag for avtalen, vil Noreg gå inn i ein koalisjon med andre likesinna nasjonar for å fremje fornybar energi, seier avdelingsdirektøren i Norad.

Svelle seier også at det var moro å vere med i ein delegasjon som blei leia av så pågåande og dyktige statsrådar som Hilde Frafjord Johnson og Børge Brende. Dette smitta over på heile delegasjonen. Dei gjorde ein kjempejobb som blei lagt merkje til av mange.
- Vi må no sjå på korleis Norad kan medverke til oppfølginga, særleg korleis vi kan bidra på dei viktige områda vatn og sanitær, kjemikaliar og fornybar energi, avsluttar Svelle.