Hele bygda møtte opp

Den tredje dagen med Norad i Sør-Afrika ble Åse Marit Rinden (16) og Silje Robertsen (18) tatt i mot av 700 lokale innbyggere da de skulle besøkøe idrettsprosjektet Score. Skoleelevene besøkte også ei norsk jente som jobber for organisasjonen.

Her kan du lese om Åse Marits opplevelser den tredje dagen i Sør-Afrika:

Score

I dag har me besøkt organisasjonen Score som jobbar med å få ungdom til å delta i sport. Med trudde me skulle få vere med i aktivitetane deira, men det viste seg at dei hadde invitert heile bygda - kanskje 700 personar til å ta oss imot.

Gamle og unge stilte opp i dei finaste klæra sine, og alle fra ordførerar og prestar holdt lange taler på både engelsk og lokalspråket deira. Men det var stort for oss at fleire hundre ungar møtte oss med ei stor fane og ein velkomstsong. Me blei også invitert heim til ein familie på lunsj som var vertsfamilie for ei norsk jente som jobbar for Score.

14 norske ungdommar jobbar i Sør-Afrika gjennom Score, der dei bl.a organiserar sportsaktivitetar for ungar som ikke har eit idrettstilbud. I sør-Afrika har dei mange idrettsforbund og dei har relativt godt med utstyr, men dei har ikkje gym som ein del av undervisinga slik som me har.

Donny Jurgens som jobbar i Score, fortalte oss at idrett kan vere med på å forebygge hiv/aids ved at dei får informasjon om korleis dei kan beskytte seg mot sjukdommen. Eg sitt att med eit inntrykk av at desse barna me besøkte i dag set veldig pris på sport og idrett. Eg tenker at dette også gjeld dei fleste andre ungar.

Det var litt trist at me ikkje fekk ta så stor del i dette. Me hadde håpa på å spele litt fotball eller liknande med dei for å vise at me se pris på Score og det dei driv med. Også fordi med begge er interssert i sport.

Det har vært ein lang - men utruleg fin dag og det var så spesielt når alle ungar ville ta oss i hendene som om me var prinsesser som kom på besøk!

 

(14.03.2002)