Høg og stabil oppslutning

88 prosent av befolkninga er positive til utviklingshjelp. Denne høge oppslutninga har vore stabil sidan 1980-talet. Fleirtalet i befolkninga meiner at eit passeleg beløp går til utviklingshjelp.

Dette viser ei landsomfattande undersøking som Statistisk sentralbyrå har utført for Norad: Haldningar til og kunnskap om norsk utviklingshjelp 2001.

Stabil oppslutning

Oppslutninga om utviklingshjelp hos 88 prosent av befolkninga, har vore stabil sidan byrjinga av 1980-talet. Talet har ikkje endra seg sidan førre undersøking i 1999. 72 prosent var positive til utviklingshjelp då undersøkinga starta i 1972.

Oppslutninga er høgast i Oslo og Akershus med 92 prosent og lågast i Hedmark og Oppland med 81 prosent. Den er den same i dei fleste befolkningsgrupper, men personar med låg utdanning og tilhengjarar til Framstegspartiet skil seg ut, med respektive 77 og 71 prosent oppslutning.

Noreg har råd

69 prosent av befolkninga meiner at Noreg har råd til å gje utviklingshjelp. 53 prosent meiner beløpet vi gjev er passe, og 25 prosent at det burde reduserast. Berre 15 prosent meiner at beløpet burde vore større.

91 prosent av befolkninga meiner at ein bør setje vilkår for utviklingshjelpa. To av tre meiner det er riktig å setje vilkår knytt til respekt for menneskerettar. Også økonomisk utvikling, likestilling og demokrati er vilkår som mange meiner ein bør setje til land som skal få utviklingshjelp.

Mindre kjennskap

Sjølv om Norad er relativt godt kjent, har kjennskapen til Norad gått tilbake sidan 1999. Mange nemner Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp, Redd Barna og Norad på spørsmål om kva organisasjonar som driv med utviklingshjelp, men dei tre sistnemnde har blitt mindre kjent sidan 1999. Røde Kors er den organisasjonen som flest kjenner til.