Konferanse på "Sørlandet i verden"

Fredag 20. september heldt Utanriksdepartementet regionkonferanse i Kristiansand med fokus på hiv/aids og det Sørlige Afrika. Konferansen vart arrangert i høvet den internasjonale veka i Kristiansand, Sørlandet i verden.

Regionkonferansen starta med eit ope, fagleg seminar om hiv/aids-problematikken, der mellom anna utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson og Tove Strand, direktør i Norad, heldt føredrag.

Hilde Frafjord Johnson tok utgangspunkt i hiv/aids-epidemien, og korleis møte den globale katastrofen. Tove Strand heldt fram med temaet kampen mot hiv/aids, og nytten av dette arbeidet. Ho delte praktiske erfaringar og utfordringar frå utviklingssamarbeidet.

Ungdom og utviklingsarbeidarar
Fredag ettermiddag møtte utviklingsministeren ungdomen i Kristiansand. Ei ungdomsgruppe framførte teaterstykket "Krig og fred", og Hilde Frafjord Johnson svarte på spørsmål frå 30 ungdomar frå seks vidaregåande skular. Vidare følgde folkemøte med temaet hiv/aids-epidemien; Det handlar om å vere medmenneske. Siste post på programmet var eit sosialt treff for utviklingsarbeidarar gjennom 50 år, der studentkoret frå Haydom-sjukehuset i Tanzania underheldt med song.

50 år med bistand
Utanriksdepartementet har arrangert regionkonferansen saman med FN-sambandet si Agder/Telemarksavdeling. Det er 50 år sidan Noreg starta med utviklingshjelp, og konferansen er eitt av arrangementa Utanriksdepartementet gjennomfører i år 2002, i høve 50årsmarkeringa av bistand.

Internasjonal veke
Den internasjonale veka i Kristiansand varte frå 14.-21. september, og var spekka med program omkring utviklingssamarbeid og utviklingsspørsmål. Seminar, debattar, fotoutstillingar, teaterstykke, song, loppemarknad og konsert var nokre av aktivitetane.