Kvinne-nettverk blant politikarar i Guatemala

I Guatemala nyt dei politiske partia liten eller ingen tillit. Noko Kongressen ber preg av i arbeidet sitt. Ambassaden i Guatemala har sidan 2000 støtta Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) sitt program for å styrkje dei politiske partia i landet.

Hovudmålet for programmet er å fremje demokratiske verdiar og praksis innanfor dei politiske partia og heve statusen til desse. Ein viktig del av programmet er å fremje kvinners og urfolks deltaking på alle nivå og alle aktivitetar i partia. Dette er mellom anna gjort ved at det er skipa eit kvinne-nettverk der kvinner frå elleve ulike politiske parti er med.

Det er få kvinner som er aktive i politikken i landet og politikarane er lite opptekne av kvinnenes situasjon. I Kongressen er berre 11 av 113 medlemmer kvinner, 13 representerer urfolket.

Skape rom for kvinner

Det er no elleve ulike politiske parti med i nettverket, til saman 54 kvinner frå ulike kantar av landet. Fleire av dei er urfolk. Dei samlast med jamne mellomrom til workshops der det viktigaste er å bevisstgjera kvarandre når det gjeld politisk deltaking, drøfte korleis kvinner kan bli meir synlege i politikken og dele erfaringane med kvarandre. Måla er ambisiøse, dei vil endre livet til kvinnene i landet sitt.

- Dersom ikkje kvinnenes situasjon blir betra og me ikkje blir aktive i politikken, vil ikkje Guatemala kunne utviklast, seier Maria Carmen Gonzales frå eitt av partia.

Men arbeidet må byrje med små skritt. Fyrst må dei møtast og styrkje kvarandre i trua på at kvinner har ein verdi. Deretter kan dei byrje å diskutere politiske saker dei kan stå saman om. Til dømes saker som gjeld utdanning og helse. Men før dei kjem så langt må kvinnene i Guatemala overtyde mennene om at dersom landet skal bli utvikla, må kvinnene vera med på laget.