Mayaindianarar får tilgang til jord

Kaffeprisane var så dårlege at ein av dei rike godseigarane i Guatemala fann ut at han ville selje eigedomen sin. Dette blei byrjinga på eit nytt liv for 100 mayafamiliar frå ulike kantar av landet. I slutten av mai i fjor byrja dei det møysommelege arbeidet med å etablere bygdesamfunnet Vercruz i Suchitepequez.

Guatemala er eit jordbruksland der to av tre innbyggjarar bur på landsbygda. 93 prosent av dei lever i ekstrem fattigdom, dei fleste mayaindianarar utan jord. Over 60 prosent av den dyrka jorda tilhøyrer 2,1 prosent av folkemengda. Spørsmålet om landbruksutvikling og jordfordeling er blant dei mest konfliktfylte i Guatemala.

Støtte til jordfordeling
Norsk Folkehjelp, som får store delar av budsjettet sitt dekt av Norad, har samarbeid med organisasjonen Kabawil. Hovudoppgåva er å støtte arbeidet med tilgang til jord for indianske fattigbønder i vestlege delar av høglandet i Guatemala. Ein del av denne støtta går til det nyetablerte bygdesamfunnet, Vercruz, der over 700 menneske i alle aldrar nyt godt av bistanden.

Godseigaren dei kjøpte av budde ikkje fast i bygda. Det var for avsidesliggjande med sine vel to timars køyring frå Guatemala City. Men han hadde ei "hytte" stor nok til å vera forsamlingshus for dei fattige, men optimistiske mayane. Med på kjøpet fekk dei også ein del utslite utstyr frå den tidlegare kaffeplantasjen.

Fyrste året har dei hatt det travelt med å byggje små krypinn til familiane og ein provisorisk skule. Saman skal dei stå for økologisk kaffeproduksjon som hovudnæring, men også banan - og ananasproduksjon, fisk frå ein liten fiskedam og kjøtproduksjon.

Dei har lånt pengar frå eit fond forvalta av organisasjonen Kabawil, til å kjøpe jorda. Organisasjonen hjelper dei også med råd når det gjeld organisering og utvikling av bygdesamfunnet.

Hardt liv
Mayaindianarane har jobba hardt dei månadane dei har budd her. Men trass i eit hardt liv er pågangsmotet stort. Målet er å få til ein lønsam produksjon og eit godt organisert bygdesamfunn.