Nettstad om anti-korrupsjon

Nettstaden www.u4.no er eit ressurssenter på anti-korrupsjon, som vart lansert mandag 2. september 2002. Her kan du blant anna få svar på kva Noreg, Nederland, Tyskland og Storbritannia gjer for å kjempe mot korrupsjon omkring i verda.

Det nettbaserte ressurssenteret Utstein Anti-Corruption Resource Centre er eit direkte resultat av det såkalla Utstein-samarbeidet mellom dei kvinnelege bistandsministrane frå Noreg, Nederland, Tyskland og Storbritannia.