Norad satsar 15 millionar på kultursandwich

For første gong skal det med oppfordring frå Norad utviklast eit kulturutdanningsprogram med fokus på musikk, dans, drama og teater, biletkunst, skulptur og kulturminnevern. Kurs skal haldast på norske eller afrikanske høgskular og universitet. Studentane kan studere i sør eller i Noreg, eller begge deler, som i eit såkalla sandwich-kurs.

Norad vil over fire år støtte ulike utdanningsprosjekt med til saman 15 millionar kroner. Målet er blant anna å auke kompetansen innan kunst og kultur i utviklingsland, og styrkje utdanningstilbodet innanfor feltet.

- Dette vil bidra positivt til dei som ønskjer å profesjonalisere seg, og til å styrkje utdanningsinstitusjonane i våre samarbeidsland. I tillegg kan utdanningsprogrammet vere med å styrkje samarbeidet mellom institusjonar i nord og sør, seier Anne-Lise Langøy, rådgivar i Norad .

Ny gjensidig læring
Senter for internasjonalt universitetssamarbeid (SIU) har utvikla rammene for kulturutdanningsprogrammet for utviklingsland. Norske høgskular og universitet kan her søkje om støtte til samarbeidsprosjekt med institusjonar i land i sør. Helene Moe, førstekonsulent i SIU, meiner det er svært viktig å satse på dette fagområdet, til dømes fordi det ikkje har blitt prioritert på denne måten før.

- Dette er også eit område som i stor grad kan skape gjensidig læring mellom nord og sør, seier ho.

Eit ønske for framtida er at desse samarbeidsprosjekta også kan gje tilbod om utveksling av norske studentar til sør. Dette vil auke gjensidigheita ytterlegare.

Pengar til norske utdanningsinstitusjonar
I tillegg til å tilby kurs innanfor kunst og kultur, er utvikling av institusjonar og kompetanse grunnsteinen i programmet. Støtta vil gå til samarbeidsprosjekt med land i det sørlege Afrika. Enten som støtte til kursplassar for afrikanske studentar, eller til andre former for institusjonelt samarbeid, til dømes pensumutvikling og utvikling av utdanningstilbod.

SIU har allereie lyst ut midlar for 2002 til universitets- og høgskulemiljøet, inklusive dei institusjonane som har prosjekt i kulturutdanning som er støtta av Norad tidlegare. Programmet skal vere ferdig utvikla og i drift for fullt frå 2003. Ramma for støtta er opptil 5 millionar kroner i året, frå og med 2003-2005.

Rammene for Norads kulturutdanningsprogram blir presentert på Norads regionale seminar i Johannesburg 10-12. april, der blant anna Anne-Lise Langøy og Helene Moe vil delta.