Norad-støtta prosjekt får ros

I seks år blei fagfolk i Etiopia lært opp av Noregs geologiske undersøking (NGU) til å finne og utnytte landets mineralressursar. Det er ikkje ofte at norske bistandsprosjekt kjem så godt ut av ei uavhengig evaluering.

Knut Kayser er rådgivar på miljø og energi i Fagavdelinga i Norad. Han seier at Norad har støtta prosjektet med 25 millionar kroner over ein periode på seks år.
- Dette er eit av dei prosjekta vi støttar som eg ser på som vellykka, seier Knut Kayser.

Kartleggje og utnytte
Prosjektet starta i 1996 og blei avslutta i 2002, og har vore eit såkalla "institusjonssamarbeid". Rundt 30 ekspertar frå NGU har samarbeidd med fagfolk frå den etiopiske geologiske undersøkinga, Geological Service of Ethiopia (GSE). Kayser seier at hovudformålet med prosjektet var gjennom institusjonell styrking og opplæring å setje GSE i stand til å sjølv kartleggje, ta i bruk og utnytte dei mineralske ressursane til Etiopia betre.

Landet rår over svært store mineralressursar som i dag vert lite utnytta. Morten Often, den norske rådgivaren som arbeidde i GSE under prosjektperioden, sa til Adresseavisen i september, at Etiopia kan spare mange pengar ved å ta i bruk eigne råstoff og produsere sjølv. Til dømes kunstgjødsel. Morten Often er fagsjef ved seksjon for mineralressursar i NGU.

Positive rapportar
Den engelske professoren Laurence Taylor, som har utviklingshjelp som sitt spesialfelt, har gjort ei sluttevaluering av institusjonssamarbeidet, med fokus på nytteverdi og læring. Han konkluderte med at dei viktigaste måla med prosjektet var innfridd, sjølv om det er enkelte mindre ting å setje peikefingeren på. For omkring tre år sidan vart det elles gjort ei fagleg og teknisk evaluering av British Geological Survey, som også gav ein positiv rapport.
- Sluttevalueringa av prosjektet viser at dei etiopiske fagfolka er godt nøgde med samarbeidet med sine norske kollegaer, og at prosjektet vil ha varig effekt, seier Knut Kayser. Han seier at det likevel vert spanande å sjå den vidare nytteverdien av institusjonssamarbeidet.
- Det gjenstår å sjå om dei band som er knytt mellom desse institusjonane vert ført vidare etter at finansiell bistand frå Norad har opphørt, seier Knut Kayser.