Norad-støtte når fram til kvinner og barn i Nicaragua

Vald innan familien er eit stort problem i Nicaragua. Men viktig arbeid er i gang for både å måle omfanget og å støtte dei som er offer for overgrepa. Norad støttar arbeidet med 11 millionar kroner i perioden 2001 til 2004.

Organisasjonen Women Network samarbeider med politiet og det nicaraguanske kvinne-instituttet for å få ned talet på overgrep og å støtte kvinner, ungdom og barn som blir utsette for overgrep i heimen.

Nettverket har prosjekt i 13 område spreidd over heile landet. Norad støttar arbeidet med 11 millionar kroner i perioden 2001 til 2004.

- Samarbeidet med politiet er svært viktig, seier koordinator for prosjektet i Masaya, Maria Lourdes Bolanos.

For kvinner og barn
Politiet i Nicaragua har eigne stasjonar der kvinner og barn kan koma med problem etter overgrep. Gjennom Women Network får dei hjelp til å gå vidare med sakene sine og dei får psykologisk og medisinsk hjelp. Det er også planar om å byggje krisesenter der kvinnene og barna kan bli i ein periode, og sleppe å gå tilbake til heimane sine, etter at dei har vore i kontakt med nettverket slik dei fleste må i dag.

Førebygging
Nettverket driv også eit aktivt opplysningsarbeid om vald i familien og kva rettar og støttemoglegheiter dei som blir utsette for overgrep, har. Mellom anna står Women Network bak opplysningsprogram i radio.

Det er ikkje berre i heimane kvinnene er utsette for overgrep. For mange kvinner har til dømes det å ta drosje fått alvorlege fylgjer. Derfor har Women Network sett i gang kampanje mellom anna gjennom radio for å gjera kvinnene merksame på faren ved å ta drosje.