Ny nettstad for ungdom

Felleskampanjen Involveyourself er ein Norad-støtta haldningskampanje i regi av dei fem store frivillige hjelpeorganisasjonane i Noreg. Dei har no lansert sin nye nettstad på adressa www.involveyourself.com.

Kampanjen er retta mot ungdom og brukar Internett, annonsar, reklamefilm, teater og musikk som verkemiddel for å nå ut til målgruppa.

Nettstaden viktig verktøy
Dei nye heimesidene er ein viktig del av Involveyourself-kampanjen som lanserast 18. september 2002. Kampanjen skal skape engasjement hjå ungdom i alderen 15-25 år i nord/sør-spørsmål. Den er eit Norad-støtta samarbeid mellom Redd Barna, Norsk Folkehjelp, Flyktningerådet, Kirkens Nødhjelp og Norges Røde Kors.

Mange alternativ
Nytt i år er eit endå større fokus på korleis ungdom kan engasjere seg. Tips til dette finn du på "Get involved". På "Ut i verden" vil eit museklikk gje oversikt over frivillig arbeid i land i sør og reiser med eit litt anna fokus enn korleis tyne reisekassa til siste krone. Lenker til relevant utdanning, praksisplassar, jobb og sivilteneste hjå ein organisasjon ute er også med. Elles har dei nye sidene alternativ som aksjonar, spel, test deg sjølv, nyheitssaker og kultur- og temastoff.

Besøk nettstaden her