Presse under press

I dag - på den internasjonale dagen for pressefridom - må me konstatere at denne fridomen er under sterkt press fleire stader i verda, skriv kommunikasjonsdirektør i Norad, Astrid Versto.

Av avdelingsdirektør Astrid Versto, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norad.

Journalistar blir fengsla og forfylgde og redaksjonslokale stengde. Det er eit alvorleg åtak både mot menneskerettane og dei viktige demokratiseringsprosessane som er i gang mange land. I lys av dette er det ei viktig oppgave å støtte opp under den frie pressa og slå alarm når faresignala kjem.

Norad har byrja eit systematisk og målretta arbeid med det me kallar mediestøtte for å byggje opp under pressefridom - og dermed menneskerettar og demokrati.

Dette er fyrste trinn i eit større initiativ utviklingsminister Hilde Frafjord Johnsson vil koma med seinare i år. Mediestøtte er inga enkel sak - i nokre land er det direkte kontroversielt. Medie har stor makt, og ved å gje mediestøtte vil me truleg vera med på å endre maktbalansen. Defor er det her, som på alle andre felt innan bistanden viktig at me kjenner forholda i landet godt og veit kva me gjer. Det er profesjonelle redaktørar og journalistar som kan utvikle medie. Det er profesjonelle mediefolk som kan gje relevant informasjon og som kan vera folks vaktbikkje mot maktmisbruk frå styremaktene og andre maktsentra.

Det er presse og media som er folkets auga ved til dømes val. Og autoritære styremakter har sine heilt klare grunnar for å hindre journalistisk arbeid og konfiskere innsamla materiale: fusket og rotet må ikkje koma fram, sanninga toler ikkje dagens lys.

Frie og uavhengige medie er avgjerande i kampen mot korrupsjon og for demokrati og menneskerettar. ein kamp som er heilt sentral i norsk utviklingspolitikk. Det er gjennom medie folk flest får den informajsonen dei treng for å kunne ta viktige val, for dagen i dag og for framtida.

Nokre av ledetrådane i arbeidet med mediastøtte er å styrke media rettsleg og fagleg, auke den journalistiske uavhengigheita og som fylgje av det få eit meir mangfaldig mediebildet. Det er også viktig å bidra til at dei ulike medie i samarbeidslanda våre blir i stand til å delta som profesjonelle aktørar i den globale straumen av informasjon.

I tråd med prinsippet om at det er samarbeids sjølve som må sitje i førarsetet når det gjeld eiga utvikling, er me sjølvsagt lydhøyre for dei behova mediamiljøet sjølve dreg fram. Erfaringane til no syner at dei særlig treng støtte til utdanning og profesjonalisering av journalistar. Juridisk hjelp til fengsla journalistar, gjennomgang av medielovgjevnad, finansiell støtte for å produsere reportasjeseriar om til dømes korrupsjon, oppretting av frie radiostasjonar både nasjonalt og ute i distrikta, distribusjonstiltak og generelt "moralsk støtte" er også blant det mangfaldet av behov me møter.

Det er viktig for oss at aktørane sjølv prioriterer og gjennomfører prosjekt og tiltak. Vår rolle går på å støtte opp under dette fagleg, finansielt og "moralsk".

Kva betyr så dette i praksis? Eg kan trekke fram nokre eksempel på tiltak som Norad har bidratt til fagleg og økonomisk.

I Zambia har me støtta medietiltak dei siste fire åra. I løpet av hausten er det meininga at effekten skal evaluerast slik at me kan trekke med oss erfaringane vidare. Hovedstolpen i opplegget er opprettinga av eit Media Trust Fond. Det er ei interessant nyskaping fordi både offentlege og private medie samarbeidar i fondet, to grupper som elles ikkje alltid er så lette å få på talefot i afrikanske land. Fondet har gitt støtte til både utdanning og utstyr. Mykje tyder på at mediebedrifter ville blitt nedlagde dersom det ikkje hadde vore for denne støtta.

I Etiopia har Norad bidratt til å få fram forslag til ein fem-årig utdanningsplan for journalistar som etter kvart siktar seg mot universitetsnivå. I Etiopia er me også med på å støtte opprettinga av ein fri radiostasjon. Gimlekollen mediasenter i Kristiansand har også vore ein pådrivar i dette arbeidet.

Dette er to av fleire tiltak som er under utvikling.Andre land der me er i gang enten med kartlegging av mediemiljøet eller tiltak, er Mosambik, Tanzania, Bangladesh og Pakistan. Folka våre i Eritrea, Sør-Afrika og Guatemala har også meldt si interesse, og fleire kjem truleg etter.

Medie vaktar over maktorgana i sine land, men også makta sine åtak på media må overvakast. Eitt døme er nettverket Media Institute of Southern Africa (MISA)som dagleg følgjer opp kva som skjer med journalistar og media i regionen. Ein direkte konsekvens av dette er for eksempel at alle som går inn på MISAs heimesider har vore oppdatert på det som skjer innanfor media i Zimbabwe.

Dei medarbeidarane me sender ut for å gje ambassadane og andre råd om mediestøtte, har sjølv mediaerfaring. Som lyttepost overfor kolleger i sør må dei også svare på utfordringar når det gjeld utviklinga innanfor media i vår del av verda. Søkelyset kan være kritisk - ikkje minst den skandale- og personfokuseringa som har fått grobotn dei siste åra. Dette betyr ikkje at aviser i sør er fritatt for den slags, og det betyr sjølvsagt heller ikkje at me manglar gode og skarpe pennar i våre eigne media. Det interessante i denne sammenhengen er at det kanskje kan bli etablert arenaer der journalistar fra alle verdenshjørne kan treffast for å diskutere journalistikk og etikk. .

Sett fra vår ståstad opnar det for ein interessant fagleg debatt der aktørane møter på like fot - ein såkalla gje-gje situasjon. Dette er godt utviklingssamarbeid i praksis, og noko me kanskje kan realisere etter kvart i nært samarbeid med norske partnarar i mediemiljøet.

(Kronikken har stått på trykk i Nordlys, Fædrelandsvennen og Sunnmørsposten.)