Småbedrifter for kvinner

Langt og bratt på hompete vegar. Så til fots, ikkje så langt, men endå brattare. Ein kan av og til lure på korleis bistanden finn fram til folk så langt frå allfarveg. Ein Norad-delegasjon er på prosjektbesøk på landsbygda i Guatemala.  

Urfolkprogrammet

Ambassaden overtok i år Guatemala-delen av Norads urfolkprogram. Innsatsen er retta mot tre sentrale forpliktingar i fredsavtaleverket: Styrking av rettsstaten, støtte til demokratiseringsprosessen og fremjing av urfolks rettar.

Portefølgjen inneheld sju enkeltprosjekt. Delegasjonen frå Norad vitja eitt av dei, organisasjonsutviklingsprosjektet, drive gjennom COCADI. Målet er å støtte indianarane slik at dei kan skape eiga næringsverksemd.

Hønsefarm

Det byrja i 1986, ti år før freden, ei lita gruppe kvinner samlast for å diskutere korleis dei kunne bidra til fred og utvikling, kva dei kunne gjera for å bli lytta til. Stadig fleire kvinner slutta seg til.

Det blei fred 1996 og i 2000 skipa dei sin eigen organisasjon der dei diskuterte helsespørsmål og korleis dei skulle få betre tilgang til utdanning. I tillegg laga dei handverksprodukt.

I dag er dei 60 medlemmer, alle kvinner, og no er det hønsefarmen som er hovudnæringa. Dei tok til med 50 høns, og i dag er det 100. Kvinnene skiftar på å arbeide på hønsefarmen. Dei passar så godt på at dei søv ved sida av hønsa om natta.

Analfabetar

Kvinnene sel egga, og inntektene så langt har gått til å betale gjeld og til nyinvesteringar.
- Me er analfabetar, men me veit korleis me skal ta vare på hønsa, seier ei av dei taleføre jentene, Mayra Gricelda Jacobo Chali.

Gjennom den norsk-støtta COCADI får dei praktiske råd, opplæring både når det gjeld økonomi og organisering av arbeidet. No er dei i etablererfasen. Målet er å skape ei bærekraftig bedrift, tene pengar og utvide verksemda for etterspørselen er større enn det dei greier produsere i dag.

Norad-delegasjonen avsluttar nok eit prosjektbesøk. Det har regna så stien dei krabba opp har blitt glatt. Dei glir ned att og er endå ein gong imponerte over pågangsmot og vilje hjå eit folk som framleis i dag er totalt neglisjerte av dei sentrale styremaktene i Guatemala.