Vannguru frå India til Noreg

Private organisasjonar vert stadig viktigare innanfor miljøarbeid i India. Harnath Jagawat, som har bygd opp organisasjonen"N.M. Sadguru Water & Development Foundation", er ein frontfigur i miljøkampen i India. Onsdag 17. april vitjar han Norad, der han vil fortelje meir om arbeidet.

Norad har støtta arbeidet til organisasjonen sidan 1990.

Blant anna demmer dei i opp små elvar direkte ut til dei fattigaste av dei fattige i tørre strøk. Bøndene på landsbygda kan på denne måten hauste opptil tre solide avlingar per år, og meir enn firdoble inntektene sine. Såleis slepp dei å migrere til byane, og kan delta aktivt i sjølvbergingsjordbruket. Så langt har desse vannprosjekta nådd ut til 90.000 hushald.

- Organisasjonen Sadguru er eit godt døme på korleis ein bør arbeide med vannforsyning til fattige, og Harnath Jagawat er ein viktig frontfigur, seier Pål Vedeld, forskar i miljø- og utviklingsspørsmål ved Norges Landbrukshøgskole.

Sadguru har makta å kombinere god teknisk innsikt og kompetanse, med evner til å la folk sjølv ta ansvar for å følgje opp, halde vedlike og utvikle vannforsyningssystema vidare. Dei har også klart å skape gode samarbeidsforhold til myndigheitene. Det er det ikkje mange private organisasjonar som har klart, ifølgje Vedeld.

Kontroversielle meiningar
Harnath Jagawat er mest kjend for sitt vellykka arbeid i Sadguru. Men han har også sterke og til dels kontroversielle meiningar om drift av vannprosjekt og annan forvaltning av naturen. Blant anna støttar han større damprosjekt som Narmada, som har møtt voldsom motstand i India.

Jagawat er også svært engasjert omkring rolla til NGOar på ulike område. Sadguru har jobba med lokale prosjekt innanfor naturressursforvaltning sidan 1970, med fokus på urbefolkning, kvinneleg deltaking og miljø.

Sadguru held til i Gujarat i Vest-India, men arbeider også i Rajasthan og Madhaya Pradesh. Dette er hovudsakleg tørre- eller halvtørre områder. Målet med prosjekta er å betre folk sine sosioøkonomiske tilhøve og samtidig betre dei økologiske tilhøva i områda.

Vitjar Norad
Harnath Jagawat vil onsdag 17. april blant anna presentere organisasjonen sitt arbeid under temaet "Rural Development and Nature Resources Management issues vis à vis the role of NGOs and international Donors". Norad byrja å støtte organisasjonen rundt 1990, som den første utanlandske donoren. Jagawat kjem til Norad i samanheng med eit besøk i Utviklingsfondet.

Om du er interessert i å intervjue Harnath Jagawat , eller vil høyre meir om vitjinga, kontakt pressetenesten i Norad ved Tone Slenes, telefon 22 24 20 59.