Vinn ei reise til Sør-Afrika

Om du prøvar KICKING AIDS OUT-spelet på vår nettstad, kan du vinne ein tur til Sør-Afrika med verdi på 50.000 kr.

I KICKING AIDS OUT-spelet kan du lære om hiv/aids-arbeid, og møte menneske som jobbar for å førebyggje hiv/aids. Spelet er laga i samanheng med KICKING AIDS OUT-kampanjen og rettar seg først og fremst til ungdom i tenåra. Norad og Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF) har fokus på KICKING AIDS OUT på sin stand på Ekebergsletta, under Norway Cup 28.juli til 3.august.

Ulike premiar
For å være med i trekninga av turen til Sør-Afrika, må du spele på eit fotballag. Du kan også vinne ei T-skjorte eller fotballar til det fotballaget som har flest deltakarar i KICKING AIDS OUT-spelet. Trekninga av Sør-Afrika turen er finaledagen på Norway Cup, 3.august.

Hiv/aids og ungdom
Ungdom er ei svært utsett gruppe i hiv-epidemien. 11,8 millionar ungdom mellom 15 og 24 år har hiv/aids i dag. Kvar dag blir 6000 unge smitta av hiv-viruset, men berre 10 prosent veit at dei er smitta. Mangel på kunnskap er ein av dei største årsakene til at så mange vert smitta. Ungdom som kommuniserer om hiv/aids, er eit viktig verkemiddel i å snu epidemien.

Sport og informasjon
KICKING AIDS OUT er en metode som bruker idrett i kampen mot hiv/aids. Den kombinerer kjente leikar og aktivitetar med informasjon om hiv/aids. På denne måten kan ein lære om eit alvorleg helseproblem på ein ny måte. Om ein veit korleis hiv smittar, veit ein også at det ikkje er farleg å vere saman med menneske som er hiv-positive.

KICKING AIDS OUT starta i Zambia der eit jentefotballag byrja å bruke idrett i kampen mot hiv og aids. No har metoden spreidd seg til mange afrikanske land, og i Noreg har Norad, Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF), Strømmestiftelsen, Utanriksdepartementet, Norway Cup og Norges Fotballforbund (NFF) gått saman om denne kampanjen.