11 millionar ekstra til Namibia

Norad gir no ei tilleggsbevilling på 11 millionar norske kroner til fiskerisektoren i Namibia. Namibia skal ikkje lenger vere eit bilateralt samarbeidsland for Norge, og tilleggsbevillinga skal sikre at landet kan handtere og vidareføre dei tiltaka som er satt i gang på ein forsvarleg måte når Norge trekker seg ut.

Namibia fekk sitt sjølvstende i 1990 etter ein langvarig sørafrikansk okkupasjon. Landet hadde ingen maritim tradisjon, og rike fiskeressursar utanfor kysten vart eit lett bytte for internasjonalt rovfiske. Landet gjekk glipp av store inntekter og arbeidsplassar, og rovfisket gjekk hardt utover fiskeressursane.

I dag, 12 år etter at utviklingssamarbeidet starta opp, har Namibia sjølve tatt over all nasjonal forsking i sine farvatn, ikkje-lisensiert fiske er opphørt og landet har oppretta eit Fiskerioppsyn som har ført til at ulovleg fiske er betydeleg redusert. I dag utgjer fiskeria omlag 10 prosent av landet sin BNP, medan dei i 1991 utgjorde ca. 1 prosent.

- Namibia og Norad starta samarbeidet innan fiskerisektoren i 1990. Totalt har Norad betalt ut om lag 300 millionar kroner til fiskerisektoren. Hovedmålet har heile tida vore å bidra til at Namibia sjølv kan utnytte dei marine ressursane i si økonomiske sone på ein berekraftig måte.

I tillegg skal myndigheitene få nødvendige kapasitet og kompetanse til å kontrollere ulovleg fiske, og oppfylle internasjonale krav til sikkerheit til sjøs, seier maritim rådgivar i Norad Erik Jacobsen.

Svært gode resultat
Namibia hadde før 1990 ingen tradisjon for å drive fiske i open sjø og hadde difor verken fiskarar, sjøfolk eller fartøy til å utnytte sine marine ressursar. Etter 12 års støtte må samarbeidet i all hovudsak seiast å være vellykka. Over 260 fiskefartøy er registrert under namibisk flagg, inkludert 2 oppsynsskip og 2 forskingsfartøy. Dei 260 fartøya gir jobb til 7000 personar, 80 prosent av dei er namibiarar. I tillegg til fiskarar og sjøfolk arbeidar om lag 8000 namibiarar i fiskeindustrien på land. Over 650 000 tonn fisk blir årleg fanga i namibisk farvatn. Verdien av totalfangsten er på 3,5 milliardar kroner og utgjer 30 prosent av eksportinntektene til Namibia.

Namibia har, bl.a. med støtte fra Norad, etablert nasjonal fiskerilovgivning. Dette har sikra nasjonal kontroll over dei marine ressursane, og lagt grunnlaget for etableringa av landet sin 200 mils økonomiske sone. I tillegg har Norad støtta Namibia sitt arbeid med å utvikle ein fiskeriadministrasjon som kan forvalte ressursane, utstede lisensar og krevje inn avgifter frå fiskeriflåten, samt planleggje utviklinga av sektoren. Namibia har med norsk bistand også etablert eit eige Sjøfartsdirektorat med tilhørande lovgiving.

Fortsatt viktig med opplæring
Utdanning har vore ein nøkkelfaktor innan alle delane av støtten til fiskeriforvaltninga., og Norad har gitt betydeleg støtte til utdanning av både sjøoffiserar og forskarar.

Om lag 600 studentar har blitt utdanna ved Namibian Fisheries and Maritime Institute (NAMFI) sidan skulen vart etablert i 1996. Behovet for utdanning av offiserer er fortsatt stort. Kun fem prosent av offiserane i fiskeflåta er namibiarar. Norad støttar skulen med to lærarar i året i tilllegg til diverse utstyr. Ved Universitetet i Namibia har Norad støtta etablering av lavere grads undervisning innan tverrfagleg fiskeri. Kandidatane derifrå rekrutterast til både fiskeriadministrasjonen og til den private sektoren.

Namibia har to oppsynsfartøy; "Nathaniel Maxuilili" som er delvis støtta av Norad, og "Tobias Hanyeko". Fartøya har eit mannskap på tilsaman 30, der berre 4 av desse er skandinaviske offiserar; to kapteinar og to maskinførarar. Tidleg på 90-talet var heile besetninga skandinaviske.

- Det har skjedd veldig mykje dei siste fire åra. Det er imponerande og veldig tilfredstillande å sjå at namibiarane no har tatt over nesten alle stillingane på oppsynsfartøya, seier kaptein Remøy på "Nathaniel Maxuilili"

Tilleggsbevillinga er med på å sikre at det første kullet med kapteinar og maskinførarar er ferdig utdanna våren 2004.