Komponist utan erfaring

- Vi gjev ungar i Cape Town moglegheiter innanfor musikk som dei ikkje får andre stader, seier prosjektkoordinatoren for SoundHouse. Lydsenteret er støtta av Norad gjennom det sørafrikanske musikkfondet Mmino.

"SoundHouse" kjem frå Australia. I Cape Town er det første - og så langt det einaste - lydhuset i Sør-Afrika. Elevar frå 6-19 år, med eller utan musikkbakgrunn, lagar sine eigne songar ved hjelp av datamaskin og keyboard. I sekken heim ligg ein CD med verket.

Populært hos mange 

Meryl anslår at rundt 50 prosent av ungane som kjem hit ikkje har brukt ei datamaskin tidlegare. Ho er dagleg leiar og prosjektkoordinator.

Ungane kjem innom alt frå ein dag til seks veker, og mange kjem tilbake etter endt kurs. Ho er svært fornøgd med nivået hos desse ungane.

- Det er spennande å sjå at dei blir fascinerte, engasjerte og får bruke sine kreative evner her i lydstudioet. Eg trur det er rundt 60 prosent som tidlegare ikkje er involvert i musikkaktivitet i eller utanfor skulen, seier musikkoordinatoren som sjølv har høgare grad i musikk frå universitetet.

Ønskjer vidare satsing
- Minst eitt barn i veka ønskjer meir informasjon om vidare moglegheiter med musikken. Hos oss er det begrensingar i teknisk utstyr og personell, så eg anbefaler dei andre studio, institusjonar, skular, lærarar og enkeltpersonar som kan gje dei fleire alternativ innanfor musikk. Meryl sin draum er å få til eit lydstudio med fleire verktøy og færre begrensingar for ungane.