Menneskerettar i utviklingssamarbeid

Norad arrangerte nyleg seminar om erfaringar og mogleg menneskerettsperspektiv i bilateralt utviklingssamarbeid. Fokus var utdanning og urfolk i Indonesia, samt miljø i Vietnam.

Seminaret var eit initiativ frå Asia-avdelinga i Norad, for å auke kompetanse og konkretisere kva det vil seie å integrere menneskerettar (MR) i utviklingssamarbeidet i Asia.

Avdelinga har lenge hatt som mål å styrkje rettigheitsperspektivet i all bistand.

- MR må verte ein integrert del av utviklingssamarbeidet. Det er ein avgjerande faktor i fattigdomsbekjempinga, innleidde Morten Svelle, avdelingsdirektør for Asia.

Styrkje og konkretisere
Målsettinga for seminaret var å utvikle idear om korleis MR-perspektivet kan styrkjast i utviklingssamarbeidet i søraust-Asia, herunder korleis Norad kan støtte opp om MR-dialogen i Asia. Seminaret skulle også gje ei generell bevisstgjering om integrering av menneskerettar i utviklingssamarbeidet og innspel til vidare konkretisering.

Ein av innleiarane var Håkon Arald Gulbrandsen frå Seksjon for menneskerettar og demokrati i UD. Han delte erfaringar frå MR-dialogen i Kina. Gulbrandsen framheva at ein ikkje må presse MR-dialogen inn i for mange område eller ei spesiell ramme, men kombinere ulike framgangsmåtar. MR-dialogen er viktig i både utanrikspolitikk og bi- og multilaterale dialogar.

Samla innsats for integrering av MR
Eitt fokus for gruppearbeidet på seminaret var korleis UD, Norad og frivillige organisasjonar kan samarbeide for større menneskerettsfokus i samarbeidslanda i Søraust-Asia.

- Gruppearbeidet gav innspel til konkrete idear som vi kan byggje vidare på. Det er viktig at vi jobbar på tvers og løftar dei faglege problemstillingane saman, seier Svelle. Han var godt nøgd med seminaret.

- Eg synes vi har fått meir fokus på problemstillingar rundt MR. Deltakarane bidrog med engasjement og nye innfallsvinklar til rettigheitsperspektivet, og vi høyrde mange interessante innleiarar.

Det vert lagt opp til fleire initiativ i løpet av 2003, der andre samarbeidsland i Asia og andre innfallsvinklar til MR i utviklingssamarbeid vil bli behandla.