Nicaragua ønskjer meir bistand for å skape berekraftig utvikling

- Eg gratulerer deg for di aktive rolle mot diktatur og for demokrati, sa Ingunn Klepsvik, avdelingsdirektør i Norad, til Nicaraguas president då han besøkte Norad 21. oktober. Presidenten Enrique Bolaños Geyer takka på si side for norsk generøsitet og ønskte meir samarbeid for å fremme utviklinga i Nicaragua.

Norad arrangerte møtet med presidenten for utvalde organisasjonar og enkeltpersonar, som har et engasjement i Nicaragua.

Noregs utviklingssamarbeid med Nicaragua starta i 1987, med bilateralt arbeid mellom landa og støtte gjennom frivillige organisasjonar. Det har vore fokus på jordbruk og fiskeri, menneskerettar og kampen mot korrupsjon og barnearbeid.

Taper ressursar
- Nicaragua er eit land av elvar og vulkanar. Men vi har ikkje vore flinke til å ta vare på ressursane våre. I 1975 var berre halve skogen att, og i 2000 var det berre litt igjen. I 1950 fann vi vatn, i 1975 grov vi djupare og i 2025 er vi usikre på om vi finn vatn i det heile. Vi må plante ny skog og fokuserer meir på berekraftige ressursar, sa presidenten i sin presentasjon.

Gjort mykje
Presidenten framheva også områder Nicaragua har prioritert under hans styre: Kampen mot korrupsjon, kampen mot fattigdom, ansvar for politikken rundt fiskeri, samarbeid med Det internasjonale pengefondet (IMF), open forvaltning (transparancy) og etikk. Det er også viktig for staten å bevare respekten for menneske og fremme ei fri presse. Myndigheitene har utvikla ein nasjonal utviklingsplan, som no skal på høring.

Økonomisk utvikling ei hovudutfordring
Nicaraguas økonomi har gått sterkt ned sidan 1979 og er ikkje berekraftig. Handelsbalansen er negativ: BNP har gått ned og landet importerer i dag verdiar for 1000 million dollar meir enn dei eksporterer, samtidig som landet har stor gjeld i inn- og utland. I 1978 hadde Nicaragua 1,6 milliardar dollar i gjeld, som auka til heile 12 milliardar dollar tidleg på 90-talet. Nicaragua treng difor meir assistanse for å balansere økonomien, og presidenten håpar at landet i løpet av kort tid når HIPC-Complition Point, der 80 prosent av utanlandsk gjeld vert sletta.

- Målet vårt er å betre situasjonen for befolkninga i Nicaragua. For å auke den økonomiske berekrafta må vi jobbe for auka alles inntekter, styrke styresettet i landet og fremme ei meir open forvaltning. Vi treng fleire offentlege og private investeringar, og meir eksport, sa den nicaraguanske presidenten vidare.

Nicaragua må bli betre til å bekjempe fattigdomen med eigne midlar, gjennom å investere meir i eigen produksjon, ifølgje presidenten. Samtidig ønskjer han meir fokus på utviklingssamarbeid frå Noreg. Presidenten ytra avslutningsvis positive forventningar til den frie handelsavtalen CAFTA, mellom USA og land frå Mellom-Amerika. Avtalen skal blant anna skape nye arbeidsplassar og auke marknadstilgangen for produsentar i Nicaragua.