Nytt verktøy for samarbeid mellom bedrifter og organisasjonar

På Norads nettstad finn du ei enkel, søkbar oversikt over frivillige organisasjonar, kva som er deira kompetanseområder og kvar dei er etablert. Basen inneheld også eksempel på partnerskap. Databasen er spesielt mynta på bedrifter som vil samarbeide med ein frivillig organisasjon i det landet dei er etablert.

Med Telenor ASA som vertskap inviterte NHO, Norad, WWF-Norge, Veidekke ASA, Redd Barna og Kirkens Nødhjelp i denne veka til seminar i høvet lansering av NHO og Norads hefte "Samarbeid for utvikling - partnerskap mellom bedrifter og frivillige organisasjoner ved virksomhet i utviklingsland".

Samarbeid for utvikling
Forholdet mellom frivillige organisasjonar og bedrifter er i endring. Bedrifter er mindre interessert i å donere pengar for ein i beste fall usikker profileringsgevinst. Dette er imidlertid ikkje slutten på relasjonen bedrift-organisasjon. Framtida ligg i strategiske partnerskap, der bedriftene og organisasjonane erkjenner sine eigne begrensingar og den andre sitt fortrinn. Dette kan innebere eit avgjerande gjennombrot i forhold til utvikling i land i sør.

Bedrifter kan nå sine forretningsmessige mål betre og meir effektivt, samtidig som dei bidreg å utvikle samfunna dei opererer i. Organisasjonane kan nå sine mål for samfunnsutvikling, og bidra til konkret og nødvendig næringsutvikling. Gode intensjonar kan samlast om å løyse konkrete oppgåver, så vel som om å setje i gang viktig prosessar - internt i bedriftene og organisasjonane, så vel som ute i samfunnet der det betyr mest.