Sør-Afrika: Lokale krefter i sving

Fem timars kjøretur frå Pretoria, klemt mellom Swaziland og Mosambik. Vi såg ikkje eingong bygda Hoyi på kartet. Her møtte vi ei regional idrettsturnering og ny basketballbane, då idrettsorganisasjonen Sport Coaches’ OutReach (SCORE) tok Norad med på rundtur i Sør-Afrika. Norad støttar organisasjonen gjennom Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF).

- Mitt arbeid betyr mykje her. Eg kom tilbake til heimstaden min for å dele mine erfaringar og gjere noko for lokalsamfunnet mitt, seier Justice, assisterande direktør i idrettsklubben i Hoyi. Han kom tilbake etter fleire år med studiar utanfor bygda. No er han lærar og koordinerer sportsaktiviteten i Hoyi på fritida. Han har tilrettelagt for turneringa saman med dei femten andre i idrettsklubben.

Lokal forankring
Dei fem regionane i provinsen som deltok i turneringa hadde arrangert alt sjølv. Regionane held turnering på omgang, kvar sjette månad.
- Regionane ordnar det praktiske med invitasjon, transport, utveljing av lag, mat og deltaking. Dei framskaffar midlar for å betale halve reisa, så dekkjer vi den andre halvdelen. Slik skapar vi ei bærekraftig ordning som lokalsamfunna sjølv kan styre, seier Paul frå provinskontoret til SCORE. Han er svært fornøgd med utviklinga i idrettssamfunnet i Hoyi.

Varige resultat
Denne gangen var det konkurranse i handball, fotball, volleyball og nettball. SCORE sendte ein frivillig idrettsarbeidar til Hoyi i 1997, som introduserte handball for ungdomen i bygda. Då SCORE kom tilbake i 2002, var det framleis handballaktivitet her. I dag er handball ein del av skuleprogrammet.

Skaper moglegheiter
SCORE, NIFs sørafrikanske bistandspartnar, har finanisert den nye basketballbana. Arbeidet gav midlertidig sysselsetting for 20 lokale arbeidarar. Lokalsamfunnet skal sjølv ha ansvar for vedlikehald hjelpt med midlar frå staten.

Banen er bygd med eit underlag av betong som skal redusere slitasje. I tillegg er det ikkje innlagt straum, som reduserer vedlikehaldskostnader.
- Det er viktig at lokalsamfunnet sjølv føler eigarskap og ansvar for banen, seier direktør i SCORE, Stefan Howells. Han legg vekt på at det her er plass til å samle lokalbefolkninga rundt banen til mange ulike formål. SCORE har samarbeida med dette lokalsamfunnet sidan 2002, og allereie ser dei gode resultat med lokal deltaking. Det er viktig å gje folk moglegheita til å ta val og forme sine eigne liv, fortset han.