Fagetaten Norad i ny drakt

- For å markere Norad si nye rolle har nettstaden fått ei ny designmessig drakt etter Norad sin ferske profil, seier Astrid Versto i Norad. 1. april overtok Utanriksdepartementet ansvaret for bilateral bistand til Noregs samarbeidsland. Norad skal vere det norske nytenkjande fagmiljøet i kampen mot fattigdom.

Ny rolle

Norad vil framover ha ei fagleg og meir uavhengig tilnærming til norsk bistand. Dette vil bli reflektert over heile nettstaden og elles i organisasjonen. Norad vil no publisere meir djuptgripande informasjon på nettstaden sin.

- I tida framover vil vi fokusere på yttarlegare oppdateringar av informasjonen på nettstaden, seier Astrid Versto, kommunikasjonsdirektør i Norad.

Viktige dialogpartnarar

- Dei norske ambassadane og Utanriksdepartementet vert dei viktigaste kundane for faglege råd og rettleiingar frå Norad.

- Ein konsekvens av omorganiseringa er også at vi no ikkje kjem til å vende oss til barn og ungdom som målgruppe for informasjonen om Norad si verksemd. Vår viktigaste målgruppe vert internasjonale og nasjonale fagmiljø, bistandsmiljøet og institusjonar og organisasjonar vi samarbeider med, seier Astrid Versto.

- Vi skal bidra med faglege råd, kvalitetssikring og evaluering til ambassadar og andre aktørar i utviklingssamarbeidet. Samtidig skal dei norske ambassadane i utvalde samarbeidsland styrkast for å bere eit større ansvar i stat-til-stat samarbeidet, held ho fram.

Fokus frå land til tema

Norad sin nettstad vert såleis endra for å spegle dei nye ansvarsområda - og oppgåvene til fagetaten. Sidan Norad ikkje lenger har ansvar for stat-til-stat samarbeidet, vil informasjon om norsk bistand til samarbeidsland no liggje på nettstaden til Utanriksdepartementet.

Har du noko på hjartet?

Kommentarar og merknader om nettstaden kan rettast til webdesk@norad.no.