Fleire jenter på skule - men enno ikkje full likestilling

UNESCO kom i februar ut med ein ny rapport om kvinner og utdanning. Rapporten seier at vi har lang veg å gå om vi vil nå full likestilling i skulen innan 2005. - Sjølv om fleire får utdanning, vil det ikkje automatisk gje likestilling og kvalitet i skulen. Utvikling tek tid, seier Marit Vedeld, rågivar ved avdeling for sosial utvikling i Norad.

Tilgangen på utdanning har auka meir for jenter enn gutar i perioden 1990 til 2000. Men mange land har langt igjen for å oppnå likt tal på jenter og gutar i skulen, og oppnå likestilling mellom kjønna i skulen. Dette har konsekvensar for jentene sine moglegheiter, læringsprosessar, resultat og vidare jobbmoglegheiter, seier rapporten.

Må ha tolmod og fokus på heilskapen

Tusenårsmål nr 3 seier at vi skal fremme likestilling og styrkje posisjonen til kvinner. Vi skal oppnå full likestilling i grunnskuleutdanning seinast i år 2005 og i alle andre nivå av utdanning til år 2015. Framgangen innan likestilling vert målt i utdanning, økonomi og politisk deltaking. UNESCO seier at vi ikkje når målet utan å gjere dramatiske endringar.

- Eg trur UNESCO har rett i at vi ikkje kan nå dette målet innan neste år. Tusenårsmåla er viktige blant anna fordi dei set problem på dagsorden. Men sjølv om fleire får utdanning, vil det ikkje automatisk gje likestilling og kvalitet i skulen. Utvikling tek tid og vi må vere realistiske og ta ein ting om gangen, seier Marit Vedeld, rågivar ved avdeling for sosial utvikling i Norad.

- Vi må ikkje berre fordele pengar, men også gje gode eksempel frå utviklinga frå vårt eige samfunn. Det er viktig å gje samarbeidslanda våre sjanse til å setje sin eigen agenda og styre utviklingsprosessar. Det er også viktig å endre haldningar for å få til utvikling. Det er ikkje lenge sidan vi i Noreg kjempa for likestilling - men før vi kan forvente at utviklingslanda kjem til same nivå, må dei få tid til å byggje ein stabil og handlekraftig stat som kjempar for sakene dei trur på, seier ho.

 

Satsar på utdanning og kvinner

- Utdanning er som kjent jobb nummer éin i norsk utviklingssamarbeid. Kvinner og likestilling er eit gjennomgåande tema innan alle sektorar i Norad og omsyn til kvinner skal vere vurdert for alle prosjekt som Norad støttar. Utdanning er ein av dei sektorane i Norad som er mest retta mot kvinner, seier Espen Lindbæck, rådgivar ved avdeling for rettar, endringsaktørar og sivilt samfunn i Norad.

Marit Vedeld legg vekt på tre faktorar for å styrkje kvinner sin posisjon: styrking av institusjonar som er sentrale (premissleggjarar) i utvikling, kvinnedeltaking på alle nivå og kvalitet i skulen. Dei to siste faktorane er spesielt viktig for jenter, slik at dei ikkje fell ut av skulesystemet.

- Auka tilgang til utdanning er viktig for å bevisstgjere jenter og familien deira. Det er viktig at dei ser nytten av at jenta får utdanning. Dette kan forebyggje trafficking - at jenter blir selde av familien til personar som kanskje endar opp med å utnytte dei. Jentene må føle at dei er verd noko og at dei lærer noko som er nyttig for familien til dagleg. I tillegg er det viktig at staten trur på dette og klarer å byggje gode institusjonar som tek vare på systemet. Det er viktig å byggje skular, men det er også viktig å byggje stat.

 

Stor framgang - men langt igjen

Skuledekkinga i Nepal har gjennomgått ein revolusjon i løpet av dei siste ti åra. I 1951 gjekk berre 9000 nepalske barn på skule. På 1990-talet kom det store løftet og i 2000 var heile 3,6 millionar innskrivne i landets offentlege og private grunnskular. Det er cirka 80 prosent av alle skulepliktige barn. Alfabetiseringsprosenten har stige til 58 prosent.

Men skulegang garanterer ikkje framtida for dei fattige. Framleis er ikkje kvaliteten og relevansen på utdanning god nok og framleis når ikkje skuletilbodet rundt 20 prosent av barna i skulepliktig alder.

Nepal er eit fjellrikt og vanskeleg framkomeleg land og oppmøteprosenten blir lavare jo lenger bort frå sentrale strøk ein kjem. Barn frå lavkastene har gjennomgåande dårlegast utdanning. Og jentene er dei som kjem dårlegast frå det, uansett kaste. Nepal har i sin nasjonale fattigdomsplan sagt at det er urealistisk å få til full skuledekning før i 2020.

 

Styrkjer kvinner

Men sjølv om utdanning er svært viktig, er det som sagt ikkje nok for å skape likestilling. Tusenårsmåla legg vekt på at vi også må måle utviklinga på andre områder, samt styrkje andre områder av samfunnet. Andre mål for framgang innan likestilling er politisk og økonomisk deltaking.

For å styrkje kvinner sin posisjon har Norad støtta eit stort prosjekt for kvinner i Pakistan, der ein tredel av alle plassane i kommunestyre no er reservert for kvinner. I Bangladesh har Norad fokusert mykje på sivil sektor og fokuserer spesielt på å auke kvinner sitt medvit og uavhengigheit og betre deira politiske deltaking.

Norad har også støtta det bangladesiske prosjektet til Rokeya Begum og organisasjonen SUS, der kvinner sjølv definerer forbetringstiltak. Organisasjonen driv yrkesopplæring, produksjon av handverk, økologisk jordbruk, krisesenter og helseklinikk. Vil du sjå og høyre meir om prosjektet kan du mellom 3.-10. mars besøke FOKUS si fotoutstilling på Rådhuset i Oslo.

Les meir om dette prosjektet:
Internasjonal dugnad

Les meir om kvinner og utdanning:
Rapport: State of the World's Children 2004
Rapport: Global Monitoring Report 2003/4