Internasjonal samling for vaksenopplæring

I tre veker har 25 personar frå ulike land delteke på seminar på Buskerud folkehøgskule for å auke si kompetanse innan vaksenopplæring.

Det generelle målet for seminaret er å styrkje kunnskapen til lærarar, leiarar og aktørar innanfor sivilt samfunn om vaksenopplæring i ei globalisert verd - i forhold til demokrati og læring i eit internasjonalt rettigheitsperspektiv. Samtidig skal ein styrke International Council for Adult Education (ICAE) si rolle som globalt nettverk for vaksenopplæring.

Elles skal seminaret støtte opp om dei såkalte EFA (Education For All) måla om lik rett til utdanning for alle uavhengig av kjønn, rase, funksjonshemming, økonomi etc.

Norad-støtte

Norad har gitt særskild støtte til seks kursdeltakarar frå Zimbabwe, Sør-Afrika, Mosambik og Tanzania. I tillegg gir Norad generell støtte til ICAE som del av støtta til internasjonale organisasjonar.

Initiativet er teke av ICAE samarbeider med det norske Vaksenopplæringsforbundet, og Buskerud folkehøgskule er teknisk arrangør for kurset.

- Vaksenopplæring er viktig for å skape heilskap i utdanningsbiletet. Blant anna viser undersøkingar at om foreldre har utdanning, vil dei gi meir støtte i barna si utdanning. Utviklingsprogram som koplar alfabetisering og opplæring i andre ferdigheiter - særlig av kvinner - har vist gode resultat når det gjeld fattigdomsreduksjon, seier Arne Kristian Larsen, rådgivar i Norad.

Vil praktisere og formidle

Chiku Cweno-Aboud (bildet) har motteke Norad-støtte slik at ho kunne delta på kurset i Noreg. Ho gler seg til å formidle erfaringane sine i Tanzania.

- Vi har lært mykje om korleis vi kan arbeide for at vaksenopplæring skal bli ein viktig del av fattigdomsstrategien i vårt land, og vi har vorte kjent med mange nyttige personar frå andre land og verdsdelar. Eg gler meg til å kome heim til Tanzania og praktisere det eg har lært her, seier Chiku Cweno-Aboud frå Tanzania. Ho er journalist i Tanzania Media Women's Association og er ein av dei fem deltakarane som har motteke støtte frå Norad.

Vidare kontakt på nettet

Deltakarane skal halde kontakten vidare gjennom møtestader på internett. Mange av deltakarane har allereie delteke i ein debatt på Internett, og ønskjer å vidareutvikle dette.

Celita Echer frå Uruguay er generalsekretær i ICAE, og ansvarleg for seminaret i Buskerud saman med det norske vaksenopplæringsforbundet. Ho ønskjer å vidareutvikle denne typen samlingar.

- Mange av deltakarane har også vist interesse for å delta vidare i ICAE sitt arbeid. Dei ser nytten av å delta i globale nettverk i sitt arbeid med å gi utdanning til alle, seier Celita Echer.

- Vi er veldig nøgde med seminaret. Det er første gang vi gjennomfører eit slikt arrangement og vi ønskjer å fortsetje med liknande arrangement. Forhåpentlegvis vert det liknande kurs i Noreg også neste år - med enno betre opplegg enn i år, avsluttar ho.