Noreg støtter journalistikkstudie i Etiopia

- Dette er ei viktig hending for det lange samarbeidet mellom Noreg og Addis Abeba Universitet, sa ambassadør Mette Ravn, under signeringa av avtalen som etablerer ein skule for journalistikk og kommunikasjon på universitetet i Etiopias hovudstad. Utdanninga vert det første i sitt slag i Etiopia og skal inkludere eit utdanningstilbod for journalistar.

Den norske ambassaden i Etiopia vil gi rundt 50 millionar kroner til universitetet over fire år. Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand er den norske partnaren som skal bidra med hjelp til å koordinere bidrag frå internasjonal ekspertise innanfor undervisning og trening.

Dette er det første programmet i Etiopia som har hovudvekt på å utdanne profesjonelle, objektive og kritiske journalistar. All utdanning ved denne skulen skal promotere ytringsfridom, tilgang til informasjon og profesjonell journalistikk basert på overordna etiske prinsipp.

Menneskerettar og demokrati
Menneskerettar, demokrati og godt styresett er eitt av hovudområda i samarbeidet mellom Noreg og Etiopia.

- Profesjonell og uavhengig mediesektor er viktig for demokrati. Men mediesektoren i Etiopia er enno ganske svak. Det er difor viktig å utvikle og styrke denne sektoren slik at den kan spele ei større rolle i sosial og politisk analyse. Vidare er tilgang til informasjon naudsynt for brei deltaking frå det sivile samfunn i offentlege debattar og demokratibygging, sa ambassadøren vidare.

Kompetansebygging
- Mediesektoren i Etiopia manglar journalistar som kan levere profesjonelle, objektive og kritiske nyhende. Både staten og den private mediesektoren må gi meir profesjonelle og ansvarlege rapportar om sosial og politisk utvikling i landet. Vi trur kompetansebygging både gjennom teori og praksis er den beste medisinen her, sa Mette Ravn vidare i sin tale.

Programmet skal fokusere på øvingsbehovet for journalistar i både avis, radio og fjernsyn, både statlege og private. Deltakarane skal også reflektere etnisitet og kjønnsfordelinga i landet. Konkret skal programmet medverke til oppretting av Skulen for journalistikk og kommunikasjon på universitetet i hovudstaden Addis Abeba i Etiopia. Skulen skal vidare opprette mastergrader og doktorgrader i journalistikk samt organisere fleire korte kurs og seminar for allereie øvde journalistar.

Les mer om denne saken:
Avtalen mellom Noreg og Etiopia

Relatert informasjon:
Norads arbeid innanfor menneskerettar og demokrati