Nyttige diskusjonar på utdanningsseminar

I tre dagar sit dei saman og diskuterer utdanning på tvers av landegrenser.- Dette har vist seg å vere veldig nyttig for oss, og vi gler oss til å halde kontakt med utdanningsnettverket vi no har med ambassadane, seier Sissel Volan, leiar i gruppa for forsking og høgare utdanning i Norad.

Utvekslar erfaringar

Utdanningsgruppa i Norad la for ei stund sidan fram eit skriv til Norad sitt direktørmøte, om rettigheitsbasert tilnærming til utdanningssektorane. Gruppa vart beden om å vidareutvikle dette til å inngå i Norads rapportserie.

Etter seminaret er det ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide med dette og deltakarane på seminaret får rapporten på høring.

- Vi ønskte å kalle saman representantar frå ambassadar, for å høyre deira erfaringar på utfordringar og hindringar, dilemma og prioriteringar i forhold til arbeid med utdanning i utviklingslanda. Særleg fokus har vi på sektorprogram og dilemma rundt desse. Det har kome fram mange gode innspel som vi tek med oss vidare, seier Sissel Volan og Bente Nilson, leiar i utdannings-gruppa.

Legitimt å diskutere dilemma

- Eg har her fått ei positiv bekrefting på at det har blitt større takhøgde for å diskutere dilemma og problem som vi møter i forhold til sektorprogram, seier Anne Lise Langøy frå ambassaden i Tanzania.

Ho seier det er meir legitimt å stille spørsmål ved sektortilnærminga, og setje fokus på områder som ikkje er godt nok behandla i dagens tilnærming. Blant anna er det mykje som står att i forhold til rapportering, prioritering og omsyn til marginaliserte grupper.
- Vi har no fått paradigmeskiftet frå prosjekt til sektor litt meir under huda, og eg føler vi er på veg til å gli i ei ny retning der vi tør å stille meir spørsmål, held ho fram.

Kristin Spilling Johanssen frå ambassaden i Zambia er einig i at dette har vore ein god møteplass for diskusjon og erfaringsutveksling mellom ambassadane og fagrådgivarane i Norad.
- Eg synest det er godt å få lufta eigne idear, frustrasjonar og erfaringar med sektorprogram etc, seier ho.

Kan lære mykje frå frivillige organisasjonar

Marianne Karlsen påpeikar at ambassaden i Vietnam meiner at frivillige organisasjonar (NGO) sine lokale erfaringar er svært viktige.
- Vi er altfor lite flinke til å lære av NGO'ane sine resultat og erfaringar i felten når vi jobbar med sektorprogramma, seier ho.

Det var også fleire deltakarar på seminaret som framheva NGO'ar si viktige rolle i forhold til sektorprogram.

Mange deltakarar frå ambassadane
Volan framhever at det er spesielt nyttig at fire lokalt tilsette har teke turen frå ambassadane i Guatemala, Vietnam, Det palestinske området og Zambia. Til saman er det elleve representantar som deltek frå ambassadane. I tillegg deltek fleire rådgivarar frå Norad.

- Diskusjonen har vist verdien av å utveksle erfaringar mellom land. Vi står overfor mange utfordringar, og vi må spesielt bli betre til å analysere erfaringar utifrå den lokale konteksten i dei ulike samarbeidslanda, seier Volan.

- Det er også nyleg gjennomført ei felles evaluering av bistand til grunnutdanning som viser at sektorprogram ofte ikkje er godt nok tilpassa dei lokale tilhøva. 13 givarar i 4 land er med på denne evalueringa. Sjølv om kompetansen innanfor utdanning er god mange stader, er den altså ikkje nok fokusert på lokalt nivå. Dette seier noko om kva utfordringar vi står ovanfor, seier Nilson.

Les meir:
Notat om rettigheitsbasert tilnærming til utdanning - utgangspunktet for seminaret