Seminar om hiv/aids i Lusaka

Over 20 personar deltok denne månaden på seminar for kontaktpersonane ved dei norske og svenske ambassadane i Det sørlege Afrika. Det svensk-norske regionale teamet for hiv/aids i Lusaka arrangerte seminaret. - Viktig i Norads styrking av integrering av hiv/aids, seier Marit Berggrav, rådgivar i Norad.

Seminaret tok for seg introduksjon om hiv/aids-situasjonen i verda, direkte støtte, dialog og mainstreaming/integrering av hiv/aids i ulike sektorar i utviklingssamarbeidet.

Deltakarar på seminaret

Frå dei norske ambassadane deltok Pius Wanzala frå Tanzania, Pippi Søgård frå Kenya, Lise Stensrud frå Mosambik og Marit Lillejordet Karlsen frå Zambia. Frå Norad deltok Sigrun Møgedal, Marit Berggrav, Camilla Rie Hoe, Tone Slenes og Caroline Hvidsten.

Viktig å integrere aids i alle sektorar

- Det var viktig at Norad deltok sterkt i dette seminaret, sidan Norad no skal styrke arbeidet med integrering av hiv/aids, seier Marit Berggrav, prosjektleiar for aidsprosjektet i Norad.

Ein konkret oppfølgingsplan for Aidsprosjektet skal behandlast i leiarmøtet i nær framtid. Kvar avdeling har identifisert tema dei vil ta meir tak i for å styrkje både kompetanse og innsats i forhold til hiv/aids. Epidemien får konsekvensar for nesten alle utviklingstiltak, og dette må no takast på alvor, held ho fram.

- Seminaret var fruktbart i forhold til aidsfokuset Norad skal ha framover. Det var svært nyttig for meg å vere med, sidan eg frå no av skal delta i Aidsprosjekt som kontaktperson frå Avdeling for rettigheter, endringsaktører og sivilt samfunn, seier Camilla Rie Hoe som reiste saman med Tone og Caroline frå Informasjonsavdelinga i Norad. 

Hiv/aids-satsinga må vere eit leiaransvar

- I Sverige har statssekretæren i Utanriksdepartementet sendt ut brev til alle ambassadørar og leiarar om at innsatsen i forhold til aidsepidemien skal styrkast. Dei har laga ein eigen strategi for arbeidet, auka volumet i støtta og sett av ei eiga budsjettlinje for dette i ambassadane sine budsjett.

Svenskane vurderer også å lage eit eige aidskurs for ambassadørar og bistandsrådar for nettopp å forankre ansvaret der det bør ligge. Dette er viktig i ei intensivert satsing på å bekjempe aids. Sverige har elles utnemnd sin eigen Aids-ambassadør, Lennarth Hjelmåker, for å styrke den svenske aidsprofilen. Han var ein viktig aktør på dette seminaret i Lusaka, seier Marit Berggrav.

Berggrav meiner Noreg har mykje å lære av svenskane på dette området.

Kombinerte seminar med feltbesøk

I etterkant av seminaret hadde Camilla, Caroline og Tone høve til å besøke norskstøtta prosjekt og organisasjonar i Zambia.

- Vi var heldige som fekk moglegheita til å sjå korleis program vert sett ut i livet. Vi hadde fokus på kvinner og var blant anna med på nattoppdrag der vi fekk sjå behandling, informasjon og oppfølgingsarbeid i forhold til prostituerte i Livingstone-området. Livingstone er sterkt prega av epidemien sidan sexhandelen er stor på grunn av tungtrafikken i grenseområda med Botswana, Zimbabwe, Namibia og Angola, seier dei.

Presentasjonar frå seminaret:
National AIDS Council in Zambia
Mainstreaming
Perspectives on AIDS and Poverty in Africa
Responding to the Challenges of AIDS
Scaling up

Norads aidsprosjekt:
Mandatet for aidsprosjektet i Norad

Sjå dei utfyllande sidene om hiv/aids:
www.norad.no/aids