Støtte til auka kompetanse om genmodifisering

- Det er viktig for zambiske myndigheiter å få meir kunnskap om genmodifisert mat, samt auke merksemda rundt dette temaet i befolkninga. Vi ønskte Noreg som partnar ettersom Noreg ikkje har industrielle eller økonomiske interesser på dette området, seier Dorothy K. Mulenga, sjef for forsking og teknologi i det zambiske departementet for forsking og teknologi.

Nyleg fekk Norad besøk av ein zambisk delegasjon som skal skaffe seg kunnskap om kva det norske fagmiljøet kan bidra med i forhold til kompetansebygging innanfor offentleg og privat sektor i Zambia i forhold til problemstillingar rundt handtering av genmodifiserte produkt.

I Noreg besøkte delegasjonen dei viktigaste aktørane og kompetansemiljøa innanfor fagområdet blant anna Bioteknologinemda, Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Den norske hovudsamarbeidsparten er Direktoratet for naturforvaltning. Norad støttar prosjektet med i overkant av 3,5 millioner kroner fordelt på rundt to år.

Auke merksemd og kompetanse

Zambia markerte seg sterkt då myndigheitene nekta å ta imot genmodifisert mais frå USA under svoltkatastrofen i 2002/03. Til slutt fekk landet nye sendingar med vanleg mais til befolkninga. Samtidig såg dei behovet for meir kunnskap om genmodifisert mat og bad Noreg om bistand.

Noreg og Zambia inngjekk i desember 2003 ein avtale om bistand til å byggje opp kapasitet og kunnskap til å gjennomføre den nasjonale policyen på bioteknologi og biosikkerheit, samt setje Zambia i stand til å ratifisere Cartagena-protokollen om biosikkerheit som det er internasjonal semje om.

Zambisk kompetanse
- Det er viktig at vi no får byggje opp ei berekraftig kompetanse i Zambia. Vi har lite erfaring på dette området og er difor avhengig av meir personell med kompetanse på bioteknologi og -sikkerheit for å kunne følgje opp våre internasjonale forpliktingar. Vi ønskte eit samarbeid med Noreg ettersom myndigheitene har ei god tilnærming til bistand - vi kan prioritere sjølve, etter eigne behov og økonomiske føresetnader, seier Mulenga.

Mulenga seier vidare at prosjektet skal skape auke merksemd og kunnskap om vern om biodiversitet, om biorisiko og biosikkerheit hjå den zambiske befolkninga. Prosjektet skal også skape nasjonale informasjonssystem for bioteknologi og -sikkerheit.

Genmodifisert mat sentralt tema
- Genmodifisert mat er eit sentralt emne både i forhold til biodiversitet og landbruk, slik som diskusjonen rundt genmodifisert mais til Zambia var eit klart døme på. Zambia har difor stort behov for finansiell og fagleg bistand på dette feltet, og zambiske myndigheiter her var klare på at dei ønskte ein donor utan skjulte agenda i dette tilfellet, seier Helle Biseth, ved Norads avdeling for det sørlege Afrika.

Nytt område for Norad
- Dette prosjektet ligg utanfor dei prioriterte områda i Noregs utviklingssamarbeidet med Zambia. Likevel ønskjer vi å støtte Zambia slik at dei får auka kompetanse om området. Hovudgrunnen for dette er at det ligg innanfor Norads forpliktingar innanfor WEHAB (vatn, energi, helse, landbruk og biodiversitet) etter verdstoppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg 2002, seier Biseth vidare.

Noreg er elles forplikta til å støtte utviklingsland i kompetanseutvikling på biosikkerheit etter ratifiseringa av Cartagena-protokollen. Samarbeidet med Zambia kom i stand som følgje av kontakter miljøforvaltninga knytte på eit møte i Cartagena-protokollen i 2002. Grunnlaget for samarbeidet vart dermed lagt fordi Noreg var tidleg ute med å følgje opp forpliktingane om kapasitetsbygging i u-land, lengje før protokollen trådde i kraft 11. september 2003.

Utvida regionalt samarbeid
Southern African Development Community (SADC) har eigen komité på biosikkerheit. Fleire land i sørlege Afrika ser no meir kritisk på sin situasjon omkring biosikkerheit, men den zambiske delegasjonen er usikre på om dette er ein konsekvens av at Zambia har markert seg så sterkt rundt biosikkerheit.

Delegasjonen seier vidare at Zambia seinare kan kome til å satse på eit utvida samarbeid om fagområdet med nabolanda i det sørlege Afrika. Særleg Namibia er eit interessant samarbeidsland særleg fordi dei har kome lengre i utforminga av eit nasjonalt lovverk på området.