Vidare norsk støtte til IKT-satsing i Uganda

Universitetet i Makerere, det eldste og største i Uganda, har teke eit nytt stort steg mot å bli eit unikt senter i Afrika. Ambassadør Tore Gjøs ved den norske ambassaden i Uganda, opna 28. januar ein heilt ny bygning ved Makerere University Institute of Computer Sciences (MUICS).

- Noreg har lenge samarbeidd med universitetet i Makerere for å skape utvikling. I 2001 signerte myndigheitene i Noreg og Uganda ein ny avtale med ramme på 110 millionar kroner over fem år. Assistansen er basert på universitetet sine eigne styringsdokument, der IKT er ein av dei viktigaste prioriteringane, seier Elizabeth F. Heen, rådgivar i avdeling for sosial utvikling i Norad.

Stor IKT-satsing på universitetet

Den femetasjes høge bygningen inneheld PC-rom og forelesingssalar for 2000 studentar som tek ulike kurs ved MUICS. Bygningen huser også avdelingar for planlegging, vedlikehald, nettverk og
nettverksadministrasjon samt internettkioskar og helpdesk for systemet.

Støtter ulike tiltak

Noreg har innanfor avtalen bidrege med 1,3 millionar kroner til IKT-bygningen. Støtta til bygningen er kopla med bistand til å utvikle Makerere sin hovudplan for IKT. Denne er no sett ut i livet, etter godkjenning frå styret.

Noreg har også støtta utviklinga av eit administrativt datasystem, slik at informasjonssystem kan lette administrative og finansielle plikter for universitetet. Ein av konsekvensane av dette er at universitetet kan systematisere data om studentane og raskare sende ut vitnemål, diplom og grader.

Marknadsfører IKT-satsinga

Med den nye bygningen på plass marknadsfører MUICS også sin kunnskap og sine øvingsfasilitetar for publikum. Ideen er å nytte delar av kapasiteten på å tilby skreddarsydde kurs og program for å tene inn att nokre av dei store investeringane som er gjort innanfor IKT. Slik tilbyr MUICS stor variasjon i utdanningsprogram - frå bachelor- og doktorgrader i informasjonsvitskap -og teknologi til profesjonell trening. Rundt 2000 studentar er tilknytta MUICS og meir enn 400 vert vidareutdanna her.

Aktive også regionalt og kontinentalt

MUICS har også gått inn i partnerskap med African University's World Computer Exchange i eit prosjekt for å byggje IKT-kapasitet i utdanningsprogram på ti afrikanske universitet. Dette inkluderer også aktivitet på barne- og ungdomsskulenivå.

På regionalt nivå samarbeider MUICS med Nairobi og Dar es Salaam for å utvikle programvarer som skal styre IKT i East African Community. Det består av eit offentleg og privat initiativ med universitet, offentlege og private sektorar som samarbeider innanfor forsking og utvikling for å bidra til betre styring av IKT.