Fattigdomskonferanse - for og imot bistand

Medan regjeringsskiftet pågjekk for fullt var ein fullspekka sal bistandsinteresserte samla for å finne ut meir om kva som må gjerast i Afrika. Norad inviterte for fjerde gong til Fattigdomskonferanse, 17. oktober, og tilskodarar fekk høyre argument både for og imot bistand, positive eller negative til verdas utviklingspolitikk og FNs Tusenårsmål. Les meir om innhaldet på konferansen på våre konferansesider.

Det har vore veldig stor pågong av interesserte, og Norad beklagar at ikkje alle som ønska plass fekk moglegheita.

Innleiingane og meir om føredragshaldarane kan du lese her:
[%ITEMNAME;3243%]
Pressemelding
[%ITEMNAME;3285%]