Jente 10 år: - Eg ønskjer at det berre er mor som slår meg

Barn i Noreg og Nicaragua blei for nokre år sidan spurt om å fortelje den norske ambassaden kva deira draum var - kva dei ønskte seg her i livet. Mange svarte som ein skulle ha venta; ein CD, nytt skateboard, dukke med rosa kjole etc. Men ei jente tenkte seg lenge om før ho svarte: - Eg skulle ønskje det berre var mor mi som slo meg.

Salen gispa då Ingunn Klepsvik, fungerande direktør i Norad, fortalde denne sjølvopplevde historia under det internasjonale fagseminaret som Norad og FOKUS arrangerte 5. oktober. 160 personar frå norske- og internasjonale kvinneorganisasjonar var tilstades for å høyre om det som er kjerna i denne historia og i årets TV-aksjon: Vald mot kvinner. Det handlar om vald i nære relasjonar, handel med kvinner, kjønnslemlesting og kvinner i og etter krig og konflikt.

Internasjonale innleiarar

FOKUS - Forum for kvinner og utviklingsspørsmål - er organisjonen som arrangerer TV-aksjonen saman med NRK i år. Innleiarar på fagseminaret kom frå Gambia, Filippinane, Sudan, Sør-Afrika og Karibien, og representerte organisasjonar som Norad støttar gjennom FOKUS.

Fange opp og realisere draumar

Årets TV-aksjon har valt å kommunisere sitt tema gjennom ordet "Drømmefanger". At vi skal fange draumane til kvinner som er utsett for vold - og gjere dei verkelege. Bodskapen under gårsdagens seminar var at dette må gjerast gjennom kommunikasjon og kunnskap, gjennom politiske prosessar globalt og lokalt. Vi må ha ambisjonar på alle nivå, og folk må sjølv gjere noko med den røynda som er vond for så mange.

Utfordringar på mange plan

FOKUS vil i etterkant av seminaret sende utfordringar til norske myndigheiter. Men FOKUS tek også med seg ei utfordring etter seminaret - korleis skal vi få menn med på laget? Den filippinske organisasjonen Coalition Against Trafficking in Women som Norad støtter gjennom FOKUS gav inspirasjon til mange av tilskodarane, der majoriteten var kvinner.

Menn må engasjere seg for kvinner

- Menn må vakne og ta vald mot kvinner på alvor. Vi er likeverdige kjønn og vi kan ikkje tolerere at kvinner blir utnytta, mishandla og undertrykt verda over. Å vere passiv i høve til prostitusjon er som

å tillate vald mot kvinner, sa Lester Anounuevo. Han deltok i fjor på Camp for unge menn mellom 16-20 år i Filippinane, og lærte korleis maskulinitet ikkje handlar om å følgje eigne lyster og behov, nytte prostituerte og skryte om alle "dameopplevingane". Maskulinitet handlar om å ta vare på dei ein er glad i, sa han. No er han engasjert i kampen mot prostitusjon og handel med kvinner.

Visste du at (fra konferansen)...
- Kvar dag vert 5000 born kjønnslemlesta - omskjerte slik at klitoris blir fjerna.
- 1 av 3 kvinner i Sør-Afrika blir valdtekne i løpet av livet, og kvart år vert fleire hundre voldtekter rapportert årleg.
- Vald er den største årsaka til dødsfall blant kvinner i Sør-Afrika
- I Afrika er rundt 20 millionar kvinner omskorne. Dette aukar risiko for aids, infeksjonar og komplikasjonar under sex og fødslar. I tillegg er det eit stort brot på menneskerettane.

Les meir:
Violence against women