Kvinner stormar fram i bistanden

Unge, velutdanna kvinner er i ferd med å kuppe bistandsbransjen. Trenden er no så påfallande at fleire organisasjonar vurderer tiltak for å tiltrekkje seg fleire menn, skriv fleire norske aviser etter oppslag i Bistandsaktuelt.

Fleire norske aviser skriv denne veka at menn ikkje vil jobbe i bistandsbransjen. Dei tek utgangspunkt i artikkelen frå Norad sitt fagblad Bistandsaktuelt, som har sett på kjønnsbalansen i norske bistandsorganisasjonar.

65 prosent kvinner

- I Norad er om lag 65 prosent av dei tilsette kvinner. Slik har det "alltid" vore, men vi såg ei endring mot endå høgre andel kvinner i dei siste åra før omorganiseringa av Norad i 2004. 70 prosent av dei som vart tilsett i perioden 2000-2003 var kvinner, og det var særleg ei stor overvekt av nyutdanna kvinner til saksbehandlar- og rekrutteringsstillingar. Søkjarane hadde gjerne spesialisert si utdanning direkte inn mot internasjonalt utviklingssamarbeid, seier seniorrådgivar Astrid Lillethun i Personal- og administrasjonsavdeling.

Speglar utdanninga

Det høge talet på kvinner er naturleg ettersom eit fleirtal av søkarane til studiar innanfor feltet er kvinner. Fungerande direktør i Norad, Morten Svelle, meiner utviklinga både skuldast ulike interesser hos unge kvinner og menn samt arbeidsforholda.

- Eg trur vi ser eit mønster der kvinner får moglegheit til å kombinere samfunnsengasjement og solidaritet med yrkesaktivt arbeid. Eg trur nok også at det har hatt ei betyding at politiske prioriteringar er dreia frå "harde" områder, som kraftutbygging, vannforsyning, fiske og miljø, mot fagområde og utfordringar som i større grad treff interessene til kvinner.

Viktig med mangfald

Etter at Norad i 2004 gikk over frå å vere ein forvaltar av bilateral bistand til å bli ein rådgivande fagetat, har kravet til erfaring i tillegg til formalkompetanse auka. Oversikt og statistikk for 2004 gav signal om at dette også påverka kjønnsbalansen.
- Det blei i 2004 tilsett omlag 50 prosent av begge kjønn og det var positivt, sett i lys av ønsket om god kjønnsbalanse generelt. Også i 2005 har vi hatt gode søkjarar på alle stillingsnivå, med rimelig fordeling mellom kjønna. Men framleis er det ein overvekt av kvinner som tilsettast, seier Astrid Lillethun i Personal- og administrasjonsavdelinga.

- Fagområder gir også store ulikskapar i kjønnsfordeling mellom avdelingane i Norad. Som eit eksempel har Avdeling for sosial utvikling som har ansvar for utdanning, helse og forsking ei sterk overvekt av kvinner, men Avdeling for miljø og næringsutvikling har ei mykje jamnare fordeling av kjønna med ei overvekt av menn, seier Morten Svelle.

- Det er viktig både for arbeidsmiljøet og den faglige utviklinga at alle avdelingar i Norad over tid speglar ei god kjønnsbalanse og at det også er balanse i forhold til stillingsnivå, og innan fagområde. Difor vurderer vi no om vi i høve ei stillingsutlysing skal oppfordre menn til å søkje, på same måte som vi innanfor andre områder vil oppfordre kvinner til å søkje, seier Astrid Lillethun.

- Eg trur alle yrker og arbeidsplassar er tent med ei rimelig fordeling både når det gjeld kjønn, alder og andre ulikskapar. Utfordringa er difor å bidra til ei jamnare kjønnsfordeling på utdanningsinstitusjonane, og på den måten bidra til ei god kjønnsfordeling i bistandsbransjen også i åra framover. Vi må difor bidra til å synleggjere kor innhaldsrikt og givande yrket er og vise mangfaldet i oppgåver som Norad og andre bistandsorganisasjonar kan tilby. Vi må også tilby arbeidsforhold som både kvinner og menn synest er attraktive. Då får vi det mangfaldet av erfaringar og ulik tilnærming som gjer oss best i stand til å få gode resultat. Det vil utviklingssamarbeidet vere tent med, seier Morten Svelle avslutningsvis.