Norad støttar idrett for utvikling

Søndag 31. juli brakar det igjen laust for Norway Cup på Ekebergsletta i Oslo. - Norad er inne med brei støtte til lag som deltek på Norway Cup frå Namibia, Zimbabwe, Uganda, Gambia, Mali og Sør-Afrika, seier Sissel Hodne Steen, avdelingsdirektør i Avdeling for sosial utvikling i Norad.

Sissel Hodne Steen deltek i dagane før og etter Norway Cup på fleire arrangement i regi av Noregs Idrettsforbund. Onsdag 27. juli var ho tilstades på vennskapsturnering mellom norske og utanlandske lag som får støtte frå Norad ved Tistedalen Idrettslag i Halden. Seinare er det duka for vennskapsfest for dei fotballaga som Norad gir reisestøtte til og møte med leiarane for fotballaga under Norway Cup.

- Norad synest arbeidet med Norway Cup er positivt og Noregs Idrettsforbund (NIF) og Norway Cup-sekretariatet gjer ein viktig jobb i forhold til å integrere utvikling og idrett, skape engasjement og mobilisering. NIF nyttar i sine prosjekt idrett som metode for å skape utvikling. Ungdomen får slik ei moglegheit til å ha det kjekt, samtidig som dei lærer mykje om fysisk aktivitet og å ta vare på sin eigen kropp.

NIF har saman med Norad sidan 2001 vore aktive innan Kicking AIDS Out - ein metode som integrerer idrett og informasjon om hiv/aids. Ungdomen får slik utvikla sportsferdigheiter samtidig som dei får kunnskap og evner som er viktige i livet elles. Metoden legg også vekt på at ungdom og vener underviser kvarandre.

- Arbeidet med idrett og utvikling skaper mobilisering og engasjement for utviklingsspørsmål generelt, både ute i verda og i lokalsamfunn som Tistedalen i Noreg. Idrett er ein brubyggjar i utviklingssamarbeidet, noko som Kicking AIDS Out-arbeidet har vist i si utstrekking på tvers av grenser, seier Sissel Hodne Steen.

Støtte til Noregs Idrettsforbund

NIF har samarbeidsavtale med Norad og mottek årleg støtte for langsiktige prosjekt med å nytte idrett som metode for utvikling. NIF fekk lovnad om 8,7 millioner kroner frå Norad for 2005, der 1,8 millionar skal gå til satsinga omkring Norway Cup.

Norway Cup satsinga er altså ein del av det langsiktige arbeidet, samtidig som også andre lag enn NIFs samarbeidspartnarar får moglegheit til å delta på fotballturneringa gjennom denne støtta.

NIF gjev tilråding til Norad om kva lag som bør få reisestøtte til Norway Cup, med grunnlag i kriterier som samfunnsengasjement, fotballinteresse og arbeid innan hiv/aids. NIF er også aktive før, under og etter fotballturneringa, med å kurse dei norske og utanlandske vennskapslag i idrett og utvikling. Idrettsforbundet har også idrettsaktivitetar og informasjonskampanje på Ekebergsletta. Delar av denne satsinga på Norway Cup er i samarbeid med Tusenårsmålskampanjen i regi av FNs utviklingsprogram, UNICEF Norge, FN-sambandet og Fredskorpset, med støtte frå Utenriksdepartementet.

Støtte til Norway Cup

Norad gir 500.000 kr i støtte til Norway Cup. Dette skal dekke kost og losji for laga frå minst utvikla land (MUL). Norad har gitt denne støtta til Norway Cup i fleire år.

Støtta går til kost, losji og lokale reiser for lag frå utviklingsland. Dette inkluderer også støtte til dei laga som tildelast støtte gjennom NIF og Strømmestiftelsen.

Les meir:
Tidlegare nyheitssaker om Norway Cup