Oppdatert og forenkla bistandshandbok

Bistandshandboka er oppdatert og forenkla, og den nye versjonen gjeld frå 1. juni 2005. Handboka reflekterer dei forvaltningskrav som vert stilt uavhengig av kanal og samarbeidsform, og kan i prinsippet nyttast også for oppdrag som frivillige organisasjonar utfører for ambassadane over regionbevillinga i bistandsbudsjettet, seier Marit E. Brandtzæg, avdelingsdirektør i Norad.

- Bistandshandboka er obligatorisk for all støtte til bilateral bistand, finansiert over programkategori 03.10, det vil seie landrammer og regionbevillingar, seier avdelingsdirektør i Norad, Marit E. Brandtzæg.

- Den oppdaterte versjonen av handboka er forenkla og tilpassa endringar i bistanden, og er eit verktøy for forenkling av forvaltninga. Handboka reflekterer dei forvaltningskrav som vert stilt uavhengig av kanal og samarbeidsform, og kan i prinsippet nyttast også for oppdrag som frivillige organisasjonar utfører for ambassadane over regionbevillinga i bistandsbudsjettet.

Det er lagt vekt på å identifisere minimum forvaltningskrav basert på gjeldande instruksar. Handboka sjåast i samanheng med andre verktøy som er utvikla for ulike samarbeidsformer, til dømes budsjettstøtte og delegert samarbeid.

Norad har utarbeida den oppdaterte handboka på oppdrag frå Regionavdelinga i UD.

Handboka og malar finn du her: www.norad.no/dcm.

Du kan også laste ned eller bestille boka her: Norads publikasjonsbase