Samarbeid mellom folk i Noreg og Søraust-Europa i 2007
- Ordninga tek særleg sikte på å støtte opp under og virke som ei "fødselshjelp" til samarbeid mellom lokalsamfunn i Noreg og på Balkan. Vi ønskjer eit breitt engasjement i Noreg og vil difor særleg prioritere nye aktørar som søkjer, seier Finn Arne Moskvil som leier Enhet for sivilt samfunn i Norad.
Neste søknadsfrist er 1. oktober 2006.
Norad kan støtte tidsavgrensa tiltak innan områda:
• kapasitetsbygging
• utvikling av jordbruk eller anna næringsverksemd
• kultursamarbeid
• styrking av det sivile samfunnet
• gjenoppretting og rehabilitering
• sosiale tiltak
Støtta går til tiltak i den føderale republikken Jugoslavia (Serbia, Montenegro og Kosovo-provinsen), Bosnia-Hercegovina, Kroatia, den tidlegare Jugoslaviske republikken Makedonia og Albania. Tiltaka bør medverke til og tryggje lokal økonomisk bærekraftig utvikling, skape demokratiske haldningar, verne om menneskerettane og/eller medverke til å førebyggje konfliktar og styrkje det multi-etniske samarbeidet.
Kven kan søkje om støtte?
- Norske kommunar, institusjonar, lokale grupper, lag og foreiningar eller andre samanslutningar med ein juridisk ansvarleg person kan få støtte. Særleg nye søkjarar vert oppmoda om å søkje, seier Moskvil. Han legg stor vekt på at prosjektet skal gjennomførast i nært og aktivt samarbeid med ein lokal samarbeidspartar, ha brei forankring i lokalsamfunnet og vere knytt til samarbeidspartnarars uttrykte behov.
Norad legg vekt på i kva grad tiltaka:
• er eit resultat av/vil bidra til et breitt folkeleg engasjement lokalt i Noreg og i vedkommande land i Søraust-Europa.
• blir gjennomført i samarbeid med lokale og/eller nasjonale styresmakter
• bidreg til samvirke på tvers av etniske skilelinjer
• involverer ulike grupper i lokalsamfunnet
• bidreg til kompetanseoppbygging og/eller opplæring av lokalt personell
• bidreg til å styrke lokale organisasjonar
• legg til rette for heimvending av flyktningar og/eller internt fordrivne
• kan supplerast med lokalt innsamla midlar