Felles gjennomgang av Kirkens Nødhjelp

Kirkens Nødhjelp er ein profesjonell utviklingsagent med nødvendig fagkompetanse, strategi og organisasjonsstruktur til å nå måla sine. Det kan likevel synast som om organisasjonen har vakse svært raskt og må vektlegge å styrke det administrative apparatet i tida framover, syner ein gjennomgang som Norad og Utanriksdepartementet har gjort i samarbeid med Kirkens Nødhjelp.

Rapporten frå gjennomgangen konstaterer at Kirkens Nødhjelp har nødvendig fagkompetanse og struktur på organisasjonen for å nå måla dei har sett seg. Den seier også at Kirkens Nødhjelp i hovudsak har dei nødvendige systema for styring og kontroll.

Samstundes stadfestar rapporten at Kirkens Nødhjelp har veldig mange partnarar og prosjekt fordelt på veldig mange land. Kirkens Nødhjelp tok sjølv initiativ til å redusera talet på partnarar allereie i fjor. Også rapporten rår Kirkens Nødhjelp å fokusere si verksemd på færre partnarar og prosjekt, for å sikre nødvendig oppfølging og varige verknader i felt.

Rapporten ser det som ein styrkje at organisasjonen har ein heilskapleg strategi som ser nødhjelp, langsiktig bistand og talsmannsarbeid for fattige sine rettar i samanheng.

Nye tiltak

Kirkens Nødhjelp er ein av dei største mottakarane av tilskot frå Norad og UD. I 2005 fekk organisasjonen 151 millionar kroner frå Norad, og 256 millionar frå UD.

- Rapporten bekrefter at Kirkens Nødhjelp er ein profesjonell utviklingsorganisasjon og ein viktig fagleg ressurs og kanal for norske bistandsmiddel, med hovudoppgåve å skape resultat i felt. Når rapporten peikar på ubalanse mellom kapasitet og ambisjonar, tar vi dette på alvor og er i dialog med Kirkens Nødhjelp om deira arbeid for å møte svakheitene som rapporten påpeikar, seier assisterande direktør Ingunn Klepsvik i Norad.

Kirkens Nødhjelp har starta arbeidet med å følgje opp resultata frå rapporten.

- Kirkens Nødhjelp er glad for at rapporten stadfester at vi har nødvendig kontroll på det arbeidet vi gjer, og at økonomistyringa er god. Vi er samstundes einig i rapportens anbefaling om gjennomgang og innstramming når det gjeld tal på partnarar. Kirkens Nødhjelp meiner sjølv at veksten ikkje har vore spesielt bratt, og at volumaukinga dei seinare åra har særleg samanheng med Kirkens Nødhjelps si leiande rolle i store internasjonale operasjonar som den i Darfur. Når det gjeld gjennomgang av talet på partnarar, er dette eit arbeid som organisasjonen tok tak i, og sette i gang i 2006, seier Atle Sommerfeldt, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

- Kirkens Nødhjelp er særs lei for at media har framstilt dette som om at vi ikkje har styr på vår verksemd fordi vi har mange partnarar. Særleg ettersom rapporten stadfestar at Kirkens Nødhjelp har gode økonomiske rutinar.

Om gjennomgangen

Gjennomgangen har vore gjennomført som ein deltakande prosess, der både Norad, UD og Kirkens Nødhjelp har vore representert. Christian Michelsens Institutt har leia gjennomgangen. Denne gjennomgangen er den andre i ein serie som blir gjort på norske frivillige organisasjonar som får tilskot gjennom Norad sine ordningar.

Rapporten i fulltekst:

Partnership for a just world :.

Kontaktinformasjon:

Assisterande direktør Ingunn Klepsvik: 22 24 03 30
Norad pressetelefon: 97714 966

Relatert informasjon:

Den første gjennomgangen var på Right to Play

http://www.norad.no/default.asp?MARK_SEARCH=YES&SEARCH_ID=s1&V_ITEM_ID=5937.

Om tildeling av tilskudd til frivillige organisasjoner i 2007:

Kraftig økning i bistand til miljø, kvinner og Latin-Amerika.