Organisasjonsgjennomgang av Noregs Idrettsforbund

Norad fekk i sommar utført ein organisasjonsgjennomgang av Noregs Idrettsforbund (NIF). Rapporten seier at NIF har ein unik posisjon innafor arbeid med idrett som verkemiddel, organisasjons- og kapasitetsbygging av partnarar samt ”lifeskills”. Samtidig har dei utfordringar i høve til formalisering av rutinar og samarbeidsformer, dokumentasjon av resultat og kvalitet på rapporteringa.

- Norad set i stor grad lit til rapporten, og vil følgje opp tilrådingane i dialog med NIF. Norad legg vekt på at NIF synast å vere samd i rapporten sine konklusjonar og tilrådingar, og er innstilt på å arbeide grundig med forbetringspotensiala gjennomgangen peiker på. Historisk har partane hatt ein jamn dialog om forvaltnings- og rapporteringsmessige utbetringar hjå NIF. Norad har sett ei gradvis utvikling på dette feltet, men vil styrke desse krava i dialogen med NIF, seier Bernt Ivar Gulbrandsen, direktør for avdeling for sivilt samfunn i Norad.

Stabil samarbeidspartnar

NIF blir av partnarane sett som ein fleksibel, langsiktig og stabil samarbeidspartnar. Prosjekta har sterk forankring og eigarskap hjå lokale partnarar, og er bygde opp rundt partnarane sine eigne planar. NIF har eit tilstrekkeleg system for finansiell styring, vurderast å vere kostnadseffektiv og arbeider i tråd med norske utviklingspolitiske prioriteringar og innafor nasjonale planar og prioriteringar.

Resultat

Men sjølv om NIF oppnår resultat saman med partnarar, er det mykje som står att for å måle progresjon og måloppnåing, samt å sjå resultat på eit høgare nivå. NIF bør også spisse sin strategi når det gjeld NIF si rolle i utviklingssamarbeidet, strategiske partnar- og landval.

Gjennomgangen var utforma som ein skrivebordsstudie i Noreg, og har i lita grad kontakta lokale partnarar. Men gjennomgangen av Kicking AIDS Out-nettverket i 2006, som besøkte Zambia og Tanzania, tyder på at det er lite grunnlag for bærekraft i nettverket. Kicking AIDS Out-gjennomgangen konkluderer elles med at å kombinere sportsaktivitetar med tiltak relatert til hiv/aids er ei ny, innovativ og lovande tilnærming i kampen mot hiv/aids, som med små finansielle ressursar har produsert resultat. Stein Erik Kruse v/ Senter for helse og sosial utvikling (HESO) utførte begge gjennomgangane.

Fleirårig avtale

Norad har i dag ein fleirårig avtale med NIF, og har dei siste åra gitt NIF 8 millionar kroner årleg i støtte til langsiktig utviklingssamarbeid.

Konsekvensen av gjennomgangen for NIF vil avhenge av korleis organisasjonen evner å følgje opp forbetringspunkta. Norad vurderer dette utifrå dialogen med dei og i behandling av søknad om ny fleirårig avtale frå og med 2008.

Les meir; Her finn du rapporten:

Organisational Performance Review of The Norwegian Olympic Committee and Confederation of Sports

Programgjennomgang:

Review of Kicking AIDS Out: Is Sport an Effective Tool in the Fight Against HIV/AIDS?

Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komité:

http://www.nif.idrett.no/t2.aspx