Samrådsmøte om evaluering

På det første "samrådsmøtet" som Evalueringsavdelinga hadde med evalueringsmiljøet innafor utvikling i juni i fjor vart det uttrykt interesse for å møtast slik oftare. Vi inviterer difor til eit nytt møte onsdag 21. mars kl. 0930 - 1200 i Norad sitt informasjonssenter i 6. etasje i Ruseløkkveien 26.

Denne gongen har vi tenkt - i tillegg til å presentere status og planar for evaluering - å stimulere til litt faglig diskusjon omkring evalueringas rolle. Vi har difor invitert Bjørn Stensaker, forskingsleiar for området høgare utdanning ved NIFUSTEP, til å innleie om temaet "Evaluering - et fag eller bare dårlig forskning". Stensaker er spesielt interessert i kvalitet og kvalitetssystem i høgare utdanning og evaluering og evalueringsforsking.

Programmet blir som følgjer:

0930 Status og planar for Norads evalueringsverksemd - innleiing v/Asbjørn Eidhammer, diskusjon

1015 Kaffe og frukt

1030 "Evaluering - fag eller bare dårlig forskning?", innleiing ved Bjørn Stensaker, forskingsleiar ved NIFUSTEP, diskusjon

1145 Avslutning

Vi gjer elles merksam på at oversikt over evaluering under gjennomføring og planlagde evalueringar blir fortløpande - minst ein gong i månaden - oppdatert på Norads nettside www.norad.no/evaluering, under stikkordet evaluering/evaluation (på engelsk og norsk).